Forskrift
Nynorsk
§ 10. Vedtak om godkjenning av detaljplan for utbygging og drift av energianlegg
Havenergilovforskrifta·Kapittel 2. – Melding, prosjektspesifikk konsekvensutgreiing, konsesjon og detaljplan
Vedtak om godkjenning av detaljplan for utbygging og drift av energianlegg
Noregs vassdrags- og energidirektorat gjer vedtak om godkjenning av detaljplan, og skal grunngje vedtaket. I grunngjevinga skal det komme fram kva vilkår som er knytt til godkjenninga og eventuelle føresetnadar om tiltak som skal redusere negative miljøverknadar.
Endringar frå detaljplanen skal meldast til Noregs vassdrags- og energidirektorat, som kan krevje søknad om endra detaljplan.
Noregs vassdrags- og energidirektorat skal godkjenne detaljplanen for utbygging og drift av energianlegget før arbeidet med bygging av energianlegget tek til.
Energianlegget skal setjast i drift innan tre år etter vedtak om godkjent detaljplan for utbygging og drift av energianlegget. Eit anlegg er sett i drift når energi eller elektrisitet er produsert og transportert ut av prosjektområdet.
Norges vassdrags- og energidirektorat godkjenner detaljplanen for energianlegg før byggingen starter. Vedtaket skal begrunnes, og anlegget må være i drift innen tre år etter godkjenningen.AI
Sammenheng
Referert av1
Koblinger for § 10 i havenergilovforskrifta.