Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 12. Nemnd for handsaming av krav

Havenergilovforskrifta·Kapittel 3. – Erstatning til fiskarar

Nemnd for handsaming av krav

Krav etter havenergilova § 9-2, som følgje av bandlegging av fiskefelt, vert handsama av ei nemnd, som er samansett av ein representant for Fiskeridirektoratet, ein representant frå Noregs vassdrags- og energidirektorat og eitt medlem som fyller krava til dommarar. Nemnda skal handsame krav etter havenergilova § 9-2 innan fire månader frå det tidspunktet kravet kom fram til nemnda sitt sekretariat, jf. § 17. I særlege tilfelle kan nemnda forlenge sakshandsamingstida. Krav som følgje av forureining og avfall etter havenergilova § 9-3 og innretningar som gjer skade etter lova § 9-4, handsamast av ei nemnd samansett av ein representant for fiskeriorganisasjonane, ein representant for selskap med konsesjon etter havenergilova § 3-5 og eit medlem som fyller krava til dommarar. Medlemmen med dommarkompetanse er nemndene si leier. Nemndene tek avgjerd ved fleirtalsvedtak.

Krav om erstatning til fiskarar blir behandla av eigne nemnder. Sammensetningen av nemndene avhenger av om kravet gjelder bandlegging av fiskefelt eller skader som følge av forureining og avfall.AI

Se ogsåHavenergilova § 9-2Havenergilovforskrifta § 17Havenergilova § 9-3Havenergilova § 9-4referert av 2

Sammenheng

Se også5
Referert av2

Koblinger for § 12 i havenergilovforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →