Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 2b. Utlysing av konkurranse og tildeling av prosjektområder

Havenergilovforskrifta·Kapittel 2A. – Utlysing, tildeling og kvalifikasjonskrav·Sist endret 29. mars 2023

Utlysing av konkurranse og tildeling av prosjektområder

Departementet avgjer om tildeling av prosjektområde skal skje ved auksjon eller etter andre objektive og ikkje-diskriminerande vilkår, eller ein kombinasjon. Tildelingsmåten og vilkår skal gå fram av utlysinga. Departementet skal i utlysinga gje nærare føresegner om korleis konkurransen skal gjennomførast. Utlysinga skal kunngjerast i Norsk lysingsblad med ein rimeleg frist. Ved tildeling av prosjektområde etter auksjon skal tildeling skje til den som vinn auksjonen i samsvar med utlysinga og etter dei reglane som departementet har fastsett for auksjonen. I andre tilfelle skal tildeling av prosjektområde skje på grunnlag av ei heilskapleg vurdering av objektive og ikkje-diskriminerande vilkår i samsvar med utlysinga. Departementet kan i særlege tilfelle velje å ikkje tildele prosjektområde etter gjennomført auksjon eller konkurranse. Departementet kan stille vilkår for tildeling av prosjektområde.

Departementet bestemmer hvordan områder for havenergi skal tildeles, enten gjennom auksjon, andre objektive vilkår eller en kombinasjon. Reglene for konkurransen skal stå i utlysingen. Departementet kan i spesielle tilfeller velge å ikke tildele et område.AI

Noter (1)
  • EndringTilføyd ved forskrift 29 mars 2023 nr. 442.

Sammenheng

Endringshistorikk1

Koblinger for § 2b i havenergilovforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →