Lov
Nynorsk
§ 50. Forbod mot ilandføring av fangst
Forbod mot ilandføring av fangst
Departementet kan forby ilandføring av viltlevande marine ressursar som er fanga med fartøy som ikkje er norsk, eller med fartøy som ikkje er disponert av norsk statsborgar eller nokon som er likestilt med norsk statsborgar, når
a) fangsten er frå ein fiskebestand av felles interesse med andre statar, som ikkje er forvalta felles
b) fangsten er teken i strid med eit ønskjeleg beskatnings- eller fiskemønster, fører til overfiske av forsvarlege totalkvotar eller er i strid med internasjonale avtalar
c) flaggstaten etter oppmoding ikkje kan stadfeste at fangsten er teken i fiskeriaktivitet i samsvar med eit ønskjeleg beskatnings- eller fiskemønster, eller er i strid med reglar om fiskeriaktivitet som er avtalte med ein framand stat.
Departementet kan nekte at fisk og andre marine ressurser bringes i land hvis fangsten er tatt med et utenlandsk fartøy under visse betingelser. Dette gjelder blant annet ved brudd på internasjonale avtaler eller overfiske.AI
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Referert av2
Koblinger for § 50 i havressurslova.