Lov
Nynorsk
§ 51. Tiltak mot dei som driv eller medverkar til ulovleg, urapportert og uregulert fiske
Havressurslova·Kapittel 8. Tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske·Sist endret 1. januar 2022
Tiltak mot dei som driv eller medverkar til ulovleg, urapportert og uregulert fiske
Departementet kan fastsetje forskrift om
a) forbod mot ilandføring, omlasting og tilverking av fangst i norsk hamn med fartøy som ikkje er norsk, når fartøyet har teke del i fiske som klårt strir mot eit ønskjeleg beskatnings- eller fiskemønster, eller klårt strir mot reglar om fiske som er avtalte med ein framand stat
b) forbod mot ilandføring, omlasting og tilverking av fangst i norsk hamn med fartøy som ikkje er norsk, når den som eig eller driv fartøyet er eit rettssubjekt som med eit anna fartøy har teke del i fiske som klårt strir mot eit ønskjeleg beskatnings- eller fiskemønster, eller klårt strir mot reglar om fiske som er avtalte med ein framand stat
c) forbod mot lasting og lossing og mot hamne-, forsynings- og støttetenester i norsk hamn til og frå fartøy som har eller får forbod etter bokstav a eller b
d) forbod i territorialfarvatnet mot forsynings- og støttetenester og omlasting til og frå fartøy som har eller får forbod etter bokstav a eller b
e) forbod mot forsynings- og støttetenester til og frå anna fartøy med norsk fartøy eller på annan måte, når det førstnemnde fartøyet har eller får forbod etter bokstav a til d
f) forbod etter bokstav a til e for fartøy som er oppførte på lister i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar over fartøy som driv ulovleg, urapportert eller uregulert fiske.
Kongen kan fastsetje forskrift som forbyr fartøy som ikkje er norsk, jf. deltakerloven § 5, tilgang til norske indre farvatn, dersom vilkåra for å forby ilandføring av fangsten etter § 50 eller etter paragrafen her første ledd bokstav a, b eller f, er oppfylte.
Departementet og Kongen kan vedta forbod mot at utanlandske fartøy som driv med ulovleg fiske får lossa fangst, motteke tenester eller gå inn i norske indre farvatn. Dette gjeld fartøy som bryt avtalar med andre statar eller fiskereglar.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 5 mars 2021 nr. 7 (ikr. 1 jan 2022 iflg. res. 17 des 2021 nr. 3629).
Se ogsåDeltakerloven § 5Havressurslova § 50omtalt i 2 kilder →referert av 4 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter2
Referert av4
- Forskrift om utlendingers fiske i NØS § 6Vilkår for nektelse og tilbaketrekking av fisketillatelse
- Forskrift om registrering av skip i NIS § 8gForbud mot registrering
- Forskrift om registrering av skip i norsk ordinært skipsregister § 7gForbud mot registrering
- Sjøloven § 16 første leddRegistreringsnektelse
Nevnt i2
Koblinger for § 51 i havressurslova.