Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 7.

Hittegodslova·Sist endret 1. juli 2003
Vert ikkje hittegodset gjeve attende til eigaren innan 3 månader etter at politiet tok vare på det eller samtykte i at finnaren tok vare på det, skal det seljast gjennom namsmyndigheitene etter reglane om tvangssal så langt dei høver. Reglane i tvangsfullbyrdelsesloven § 8-16 fyrste ledd gjelder ikkje i dette høvet. Gods som truleg ikkje kan vendast i pengar, skal gjevast til finnaren eller andre om vedkommande ynskjer det, eller det skal handsamast som avfall etter reglane i forurensningsloven. Melder eigaren seg og provar retten sin før salet, skal salsinnkoma gjevast til han etter at finnarløn og annan kostnad er frådregne. I andre høve skal finnaren ha ein tredjepart av salsinnkoma, når kostnaden er dregen frå, og to tredjepartar skal gå til statskassa. Det som finnaren eller eigaren skal ha, fell til statskassa når han ikkje melder seg og krev pengane innan 3 månader etter han er varsla. Har nokon krav på vederlag for di han har ført eller teke vare på gods som er nemnt i § 3, eller har han andre krav som han kunne gjort gjeldande med å halda godset tilbake, skal han ha vederlag av salsinnkoma før noko går til eigaren eller til statskassa.

Hittegods som ikke er hentet av eieren innen tre måneder, skal selges av namsmyndighetene eller kastes. Pengene fra salget fordeles mellom eieren, finneren og staten, mens kostnader og vederlag for oppbevaring trekkes fra først.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 3 juni 1983 nr. 43, 13 mars 1981 nr. 6, 26 juni 1992 nr. 86, 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712).

Se ogsåTvangsfullbyrdelsesloven § 8-16Hittegodslova § 3referert av 6

Sammenheng

Se også2
Referert av6

Koblinger for § 7 i hittegodslova.

Les hele loven i sammenheng →