Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Justis- og beredskapsdepartementet

Lov om hittegods

Hittegodslova

lov/1953-05-29-3·14 paragrafer·Sist endret 1. juli 2026·Utforsk grafen
I kraft 1953-07-01Sist endret ved lov/2026-06-19-45 fra 2026-07-01
Innhold14 paragrafer
Hittegods er lausøyre som har kome bort for innehavaren utan at han ville det, og som nokon har funne og teke hand um. Ville dyr eller andre pelsdyr enn mink som har rømt og sidan vert attfanga eller eventuelt drepne etter tiltak av andre enn eigaren, vert rekna for hittegods. Funne bufe og andre husdyr, berga fiskereiskap og båtreinad, vrakgods og annan bortkomen lausøyre som det er gjeve føresegner om i serskild lov, skal ikkje reknast for hittegods utan det går fram av serføresegnene. Jordgrave gods og annan lausøyre som har lege gøymd lenge på fast eigedom eller i ein lausøyreting, skal ikkje reknast for hittegods, når det synest klårt etter tilhøva at det ikkje lenger er rimeleg von å finna ut kven som er eigar. Eigaren til grunn, bygning eller lausøyreting der slikt funn vart gjort, og finnaren skal ha kvar sin halvpart av det som er funne. Kjem godset inn under lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner, gjeld føresegnene der. Kongen kan gjeva serlege føresegner om kva det skal gjerast med gods som sjømenn eig eller rår over og som er inngjeve til norsk stasjon i utlandet eller sendt heim derifrå til styremakt her i riket.

Hittegods er gjenstander som noen har mistet og som andre har funnet. Visse dyr regnes også som hittegods. Noen ting, som husdyr, vrakgods eller gamle gjenstander hvor eieren ikke kan spores, følger egne regler.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 24 nov 2000 nr. 82 (ikr. 1 jan 2001 iflg. res. 24 nov 2000 nr. 1169).
Veit finnaren kven det er som eig godset eller får han greie på det, skal han straks gjeva godset attende eller gjeva eigaren rådvelde over det. Veit ikkje finnaren kven eigaren er, og får han heller ikkje kjennskap til det, skal han snarest råd er melda funnet til politiet på den staden der godset er funne. Det same skal finnaren gjera når eigaren er oppmoda om å henta godset, men ikkje gjer det innan rimeleg tid, eller han nektar å svara finnarløn eller annan kostnad som er komen på.

Hvis man vet hvem som eier en gjenstand man har funnet, skal den leveres tilbake. Hvis eieren er ukjent, eller ikke henter tingen eller betaler kostnader, skal funnet meldes til politiet der tingen ble funnet.AI

referert av 1

Når nokon av tenestefolket i eit samferdsleføretak for ålmenta finn hittegods i eignelut eller på område som føretaket rår over, skal han ta vare på godset om ikkje eigaren straks kan få det att. Finn andre hittegods på ein slik stad, skal dei la nokon av tenestefolket få det. Det same gjeld hittegods som vert funne i kyrkje, samlingshus, skule, teater, kinematograf, hotell, herbyrge, vertshus, kontor, arbeidsplass, butikk eller liknande. Melder ikkje eigaren seg og hentar godset innan rimeleg tid, skal den eller dei som står for institusjonen eller føretaket, syta for at godset vert overlate til politiet etter reglane for hittegods. På same måten gjeld føresegnene i denne paragrafen gods som er gjeve inn for å takast vare på eller sendast og som ikkje vert henta i rett tid eller vert liggjande av di vederlaget ikkje vert ytt eller av di rett mottakar ikkje kan finnast. Dette gjeld og ferdagods og anna som vert gløymt eller halde att i hotell, herbyrge eller liknande. Likeins gjeld det vinst i lutspel når vinsten ikkje vert henta og gjeldande føresegn ikkje fastset annan framgangsmåte. Paragrafen gjeld ikkje postsendingar som det er gjeve serlege føresegner om i lov eller med heimel i lov. Kongen kan samtykkja i at offentleg institusjon og likeins samferdsleføretak for ålmenta kan fara åt med hittegods på onnor vis enn det som er sagt i denne lova.

Ansatte i transportbedrifter og andre offentlige lokaler skal ta vare på hittegods. Hvis eieren ikke henter tingen innen rimelig tid, skal gjenstanden leveres til politiet. Dette gjelder også for varer som er levert for oppbevaring, men som ikke blir hentet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 9 jan 1998 nr. 5.

referert av 21 forskrift

Når nokon gjev melding om hittegods i samsvar med § 2 andre leden, skal han samstundes eller så snart råd er etterpå gjeva godset til politiet. Vert det sers vanskeleg eller sers kostesamt, skal politiet henta godset. Politiet kan samtykkja i at finnaren tek vare på godset, når serlege grunnar gjer det tenlegt.

Den som melder fra om hittegods, skal levere det til politiet. Hvis det er svært vanskelig eller dyrt å levere, skal politiet hente det. I visse tilfeller kan politiet godta at finneren beholder gjenstanden i mellomtiden.AI

Se ogsåHittegodslova § 2

Den som sit med hittegods, skal ta vel vare på det. Kjem godset bort eller vert det nemnande skadt og han har fare grovt aktlaust åt, er han ansvarleg for tapet som eigaren lid.

Den som finner en gjenstand, plikter å ta godt vare på den. Hvis gjenstanden forsvinner eller blir ødelagt på grunn av grov uaktsomhet, må finneren erstatte tapet for eieren.AI

Når politiet tek mot hittegods, skal det gjera dei etterrøkjingane etter eigaren som det etter tilhøva er rimeleg å gjera. Er godset heller verdfullt eller er det rimeleg av andre grunnar, bør funnet gjerast kjent med oppslag, lysing i blad eller på annan tenleg måte. Melder eigaren seg og provar retten sin, skal han få godset att mot å greida finnarløn og annan kostnad og krav som er nemnde i § 7, tridje leden.

Politiet skal prøve å finne eigaren av ting som er funne. Viss tingen er verdfull, kan politiet annonsere funnet. Eigaren får tingen tilbake viss retten til tingen vert prova, men må betale finnarløn og kostnader.AI

Se ogsåHittegodslova § 7

Vert ikkje hittegodset gjeve attende til eigaren innan 3 månader etter at politiet tok vare på det eller samtykte i at finnaren tok vare på det, skal det seljast gjennom namsmyndigheitene etter reglane om tvangssal så langt dei høver. Reglane i tvangsfullbyrdelsesloven § 8-16 fyrste ledd gjelder ikkje i dette høvet. Gods som truleg ikkje kan vendast i pengar, skal gjevast til finnaren eller andre om vedkommande ynskjer det, eller det skal handsamast som avfall etter reglane i forurensningsloven. Melder eigaren seg og provar retten sin før salet, skal salsinnkoma gjevast til han etter at finnarløn og annan kostnad er frådregne. I andre høve skal finnaren ha ein tredjepart av salsinnkoma, når kostnaden er dregen frå, og to tredjepartar skal gå til statskassa. Det som finnaren eller eigaren skal ha, fell til statskassa når han ikkje melder seg og krev pengane innan 3 månader etter han er varsla. Har nokon krav på vederlag for di han har ført eller teke vare på gods som er nemnt i § 3, eller har han andre krav som han kunne gjort gjeldande med å halda godset tilbake, skal han ha vederlag av salsinnkoma før noko går til eigaren eller til statskassa.

Hittegods som ikke er hentet av eieren innen tre måneder, skal selges av namsmyndighetene eller kastes. Pengene fra salget fordeles mellom eieren, finneren og staten, mens kostnader og vederlag for oppbevaring trekkes fra først.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 3 juni 1983 nr. 43, 13 mars 1981 nr. 6, 26 juni 1992 nr. 86, 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712).

Se ogsåTvangsfullbyrdelsesloven § 8-16Hittegodslova § 3referert av 6

Hittegods som ikkje toler å liggja eller ikkje kan liggja lenge utan monaleg kostnad eller verdmink, skal politiet få selt underhand eller gjennom namsmyndigheitene etter reglane om tvangssal så langt dei høver, så snart det er tenleg å gjera det, endå om tremånadsfristen ikkje er ute. Reglane i tvangsfullbyrdelsesloven § 8-16 fyrste leden gjelder ikkje i dette høvet. Melder eigaren seg og provar retten sin før fristen er ute, skal han få salsinnkoma etter at finnarlønn og annan kostnad er dregen frå. Elles gjeld reglane i § 7 andre ledd andre og tredje punktum og tredje ledd.

Politiet kan selge hittegods før fristen har gått ut dersom gjenstanden ikke tåler å ligge eller hvis lagring medfører store kostnader eller verditap. Eieren kan få utbetalt salgssummen minus kostnader dersom eierskapet bevises innen fristen.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 3 juni 1983 nr. 43, 26 juni 1992 nr. 86, 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712).

Se ogsåTvangsfullbyrdelsesloven § 8-16Hittegodslova § 7referert av 1

Finnaren kan nekta å gjeva hittegodset frå seg til eigaren før eigaren har svara ei høveleg finnarløn og den kostnaden som finnaren har havt med godset. Vert ikkje partane samde, fastset politiet kor mykje finnaren skal ha. For slikt gods som er nemnt i § 3, kan det ikkje krevjast finnarløn. Hittegods som politiet har teke vare på, skal eigaren berre få att mot å yta så stor finnarløn som politiet fastset, så nær som når det gjeld gods som nemnt i § 3 eller det er gjeve avkall på finnarløn eller finnaren samtykkjer. Når finnarløn vert fastsett, skal det takast omsyn til kva slag gods det gjeld, kva verde det har, kva stad det er funne og andre omstende i samband med funnet. Finnarløn bør vanleg ikkje setjast til meir enn 20 prosent og ikkje over kr. 15 når verdet på godset er kr. 100 eller mindre, 15 prosent, men ikkje over kr. 50 på større verde til det kjem opp i kr. 500 og ikkje meir enn 10 prosent når verdet er over kr. 500. Finnarløn som politiet har godskrive finnaren, skal gå til statskassa om finnaren ikkje melder seg og krev pengane innan 3 månader etter at han har fått varsel.

Den som finner noe, kan kreve lønn og dekning av utgifter før tingen leveres tilbake til eieren. Politiet bestemmer beløpet hvis partene ikke blir enige. Noen typer gjenstander gir ikke rett til finnlønn.AI

Se ogsåHittegodslova § 3

Det som er fastsett i §§ 2-3 og 5-9 om eigar av hittegods, gjeld på tilsvarande måte den som på lovleg vis har havt tingen med heimel i bruksrett, panterett, leigerett eller annan slik rett. Innkome frå sal av hittegods etter §§ 7 og 8 skal gå til eigaren ifall det ikkje melder seg nokon annan som provar at han har retten til pengane eller til noko av dei.

Reglene om hvem som eier hittegods gjelder også for personer som har lovlig bruksrett, panterett eller leierett til tingen. Penger fra salg av hittegods skal gå til eieren, med mindre andre kan bevise at de har rett på pengene.AI

Se ogsåHittegodslova § 7Hittegodslova § 8

(Oppheva) — opphevet, ikke lenger i kraft.

Den som ulovlig tilegner seg hittegods, straffes med bøter eller med fengsel inntil 6 måneder. Den som ulovlig unnlater innen rimelig tid å anmelde en funnet gjenstand til politiet eller å innlevere den til politiet eller andre som etter bestemmelse i lov skal ta vare på den, straffes med bøter.

Det er straffbart å beholde ting man har funnet ulovlig. Det er også straffbart å la være å melde fra om eller levere inn funnede gjenstander til politiet eller andre lovbestemte mottakere innen rimelig tid.AI

Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015).

omtalt i 1 kilde

Kongen eller den han gjev fullmakt, kan gjeva nærare reglar til utfylling og gjennomføring av føresegnene i denne lova. – – –

Kongen eller den som får fullmakt kan vedta utfyllende regler for hvordan denne loven skal brukes og gjennomføres.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015), tidlegare § 12.
Denne lova tek til å gjelda 1. juli 1953. Frå same tid held desse føresegnene opp å gjelda: – – –

Loven begynte å gjelde fra 1. juli 1953. Fra samme dato sluttet tidligere bestemmelser å gjelde.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712), føyde til paragrafnummeret, 19 juni 2015 nr. 65 (ikr. 1 okt 2015), tidlegare § 13.

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva regnes som hittegods?

Hittegods er gjenstander som noen har mistet og som andre har funnet. Visse dyr regnes også som hittegods. Noen ting, som husdyr, vrakgods eller gamle gjenstander hvor eieren ikke kan spores, følger egne regler.

Åpne § 1
Hva skal jeg gjøre hvis jeg vet hvem som eier tingen jeg fant?

Hvis man vet hvem som eier en gjenstand man har funnet, skal den leveres tilbake. Hvis eieren er ukjent, eller ikke henter tingen eller betaler kostnader, skal funnet meldes til politiet der tingen ble funnet.

Åpne § 2
Hva skjer med ting som blir funnet på et hotell eller i en butikk?

Ansatte i transportbedrifter og andre offentlige lokaler skal ta vare på hittegods. Hvis eieren ikke henter tingen innen rimelig tid, skal gjenstanden leveres til politiet. Dette gjelder også for varer som er levert for oppbevaring, men som ikke blir hentet.

Åpne § 3
Hvor skal hittegods leveres?

Den som melder fra om hittegods, skal levere det til politiet. Hvis det er svært vanskelig eller dyrt å levere, skal politiet hente det. I visse tilfeller kan politiet godta at finneren beholder gjenstanden i mellomtiden.

Åpne § 4
Hva skal jeg gjøre med ting jeg finner?

Den som finner en gjenstand, plikter å ta godt vare på den. Hvis gjenstanden forsvinner eller blir ødelagt på grunn av grov uaktsomhet, må finneren erstatte tapet for eieren.

Åpne § 5
Kva gjer politiet når dei tek imot hittegods?

Politiet skal prøve å finne eigaren av ting som er funne. Viss tingen er verdfull, kan politiet annonsere funnet. Eigaren får tingen tilbake viss retten til tingen vert prova, men må betale finnarløn og kostnader.

Åpne § 6
Hva skjer med hittegods som ikke blir hentet innen tre måneder?

Hittegods som ikke er hentet av eieren innen tre måneder, skal selges av namsmyndighetene eller kastes. Pengene fra salget fordeles mellom eieren, finneren og staten, mens kostnader og vederlag for oppbevaring trekkes fra først.

Åpne § 7
Kan politiet selge ting jeg har funnet før fristen er ute?

Politiet kan selge hittegods før fristen har gått ut dersom gjenstanden ikke tåler å ligge eller hvis lagring medfører store kostnader eller verditap. Eieren kan få utbetalt salgssummen minus kostnader dersom eierskapet bevises innen fristen.

Åpne § 8

Endringshistorikk

Følg endringer (RSS)

Hver oppføring er en kunngjøring i Norsk Lovtidend som endret denne loven.

  1. 2026

Forarbeider og bakgrunn

Forskrifter med hjemmel i denne loven

2 forskrifter er fastsatt med hjemmel i Hittegodslova.

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.