Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 2-3. Bemanning

Jordskiftelova·Kapittel 2. Jordskifterettane

Bemanning

Jordskifteretten skal ha ein jordskifterettsleiar som òg er jordskiftedommar, og så mange jordskiftedommarar som til kvar tid er bestemt. Jordskifteretten skal ha teknisk personale. For teknisk personale gjeld reglane i kapittel 6 i domstolloven så langt dei høver. Domstoladministrasjonen kan skipe ei eiga eining med faglege og tekniske støttefunksjonar for jordskifterettane. Eininga kan anten vere sjølvstendig eller vere knytt til ein domstol. Jordskifteretten kan ha minst ein jordskiftedommarfullmektig som kan utføre oppgåver på vegner av jordskiftedommaren. Domstoladministrasjonen kan gi forskrift om kva for myndigheit dommarfullmektigen skal ha, og kven som kan gi slik myndigheit til dommarfullmektigen. Domstolloven § 19 andre ledd gjeld ved tilkalling av jordskiftedommarar.

Bestemmelsen fastslår hvordan jordskifteretten skal bemannes. Den skal ha en leder som er dommer, flere dommere og teknisk personell. Det kan også være dommerfullmektiger som utfører oppgaver for dommeren.AI

Se ogsåDomstolloven § 19referert av 1

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også1
Referert av1

Koblinger for § 2-3 i jordskiftelova.

Les hele loven i sammenheng →