Lov
Nynorsk
§ 4-3. Andre reglar om grensefastsetjing
Andre reglar om grensefastsetjing
Jordskifteretten kan i sak etter § 4-2 ta avgjerd om gjerdehald for den grensestrekninga som er til behandling. Når retten tek ei slik avgjerd, gjeld § 3-34 så langt det høver.
Jordskifteretten kan justere grenser etter matrikkellova § 16.
For fastsetjing av grenser for bygdeallmenning eller statsallmenning, gjeld lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-4 og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene § 4-2.
Jordskifteretten kan fastsetje slike grenser som er nemnde i lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene §§ 2, 3 og 4.
Jordskifteretten set i verk grensemerking i terrenget, koordinatfesting og kartlegging etter finnmarksloven § 45.
Dersom avgjerd etter første til fjerde ledd eller §§ 4-1 og 4-2 fører til at det må registrerast eit nytt jordsameige, eller til at umatrikulert grunneigedom eller festegrunn skal matrikulerast, gjeld § 3-35.
Jordskifteretten kan avgjøre hvem som skal holde gjerder langs grenser som behandles, og kan justere grenser. Retten kan også fastsette grenser for allmenninger og vassdrag, samt sørge for grensemerking og kartlegging i Finnmark.AI
Se ogsåJordskiftelova § 4-2Jordskiftelova § 3-34Matrikkellova § 16Bygdeallmenningsloven § 1-4
Sammenheng
Se også10
Koblinger for § 4-3 i jordskiftelova.