Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 16. Grensejustering

Matrikkellova·Kapittel 3. Vilkår for matrikulering og andre føringar som gjeld matrikkeleiningar·Sist endret 1. januar 2021

Grensejustering

Ei grense mellom matrikkeleiningar kan justerast utan at det blir henta inn fråsegn om pantefråfall. Dette gjeld tilsvarande for justering av ei grense mellom ein festegrunn og grunneigedommen eller jordsameiget som festegrunnen er ein del av. Grensa kan ikkje justerast i strid med føresegner gitt i eller i medhald av anna lovgiving. Ved justering kan berre mindre areal overførast mellom dei aktuelle einingane. Einsidig overføring av mindre areal kan utførast som grensejustering. Panterett og festerett følgjer dei nye grensene slik dei blir fastlagde ved grensejustering. Føresegna om panterett gjeld tilsvarande for andre rettar så langt det passar. Grensejustering kan krevjast av dei som er nemnde i § 9. Endra grenser for festerett kan berre matrikkelførast når det ligg føre samtykke frå festaren. Grensejustering av ei umatrikulert eining kan berre skje samstundes med at eininga blir matrikulert. Departementet kan gi forskrift om grensejustering, under dette setje areal- og verdigrenser for areal som blir overført mellom einingane.

Grenser mellom eiendommer kan justeres uten at det kreves erklæring om pantefrasfall, så lenge det kun er snakk om mindre arealer. Panterett og andre rettigheter følger de nye grensene. Justeringen må skje i samsvar med gjeldende lovverk.AI

Endret 29. april 2020 · i kraft 1. januar 2021
Endringshistorikk (2)
  • 29. april 2020Delt ikrafts. av lov 2018:12, endr. i matrikkellova og plan- og bygningsloven og lov 2019:5, endr. i plan- og bygningsloven m.m.
  • 20. april 2018Endringslov til matrikkellova og plan- og bygningsloven
Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 20 apr 2018 nr. 12 (i kraft 1 jan 2021 iflg. res. 29 april 2020 nr. 885).

Se ogsåMatrikkellova § 9omtalt i 3 kilderreferert av 2

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også1
Referert av2
Nevnt i3
Endringshistorikk2

Koblinger for § 16 i matrikkellova.

Les hele loven i sammenheng →