Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 12. Særskilt om matrikkelføring av festegrunn

Matrikkellova·Kapittel 3. Vilkår for matrikulering og andre føringar som gjeld matrikkeleiningar·Sist endret 1. januar 2021

Særskilt om matrikkelføring av festegrunn

Matrikulering skal gjennomførast før del av grunneigedom eller jordsameige blir festa bort, dersom festet kan gjelde i meir enn 10 år. Tilsvarande gjeld ved forlenging for meir enn 10 år av festerett til umatrikulert festegrunn, og for festegrunn som skal nyttast som tilleggsareal til matrikkeleining. Festerett som gjeld for ei tid av 10 år eller kortare, kan ikkje matrikulerast. Før matrikkelføring av endring av grenser for festegrunn som går ut over justeringar som kan behandlast etter § 16, må det vere gitt løyve som for oppretting av ny festegrunn. Det må dessutan liggje føre nødvendige fråsegner om endring av festerett, pantefråfall og konsesjonar for arealet. Oppmålingsforretning som endrar grensene for festerett, kan krevjast av dei som er nemnde i § 9 første ledd bokstav a og f. I saker som er kravd etter § 9 første ledd bokstav a, må det liggje føre samtykke frå festaren. Endring av grenser som omfattar umatrikulerte einingar, kan berre skje i saker der dette er kravd etter § 9 første ledd bokstav f, og berre samtidig med at einingane blir matrikulerte. Departementet kan gi forskrift om matrikkelføring av festegrunn, til dømes om kven som kan krevje matrikkelføring.

Reglene bestemmer når et område som leies ut som festegrunn skal registreres i matrikkelen. Dette gjelder i hovedsak når leieforholdet varer i mer enn 10 år.AI

Endret 29. april 2020 · i kraft 1. januar 2021
Endringshistorikk (2)
  • 29. april 2020Delt ikrafts. av lov 2018:12, endr. i matrikkellova og plan- og bygningsloven og lov 2019:5, endr. i plan- og bygningsloven m.m.
  • 20. april 2018Endringslov til matrikkellova og plan- og bygningsloven
Noter (1)
  • EndringEndra ved lover 29 juni 2007 nr. 94 (ikr. 29 juni 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 760), 20 apr 2018 nr. 12 (i kraft 1 jan 2021 iflg. res. 29 april 2020 nr. 885).

Se ogsåMatrikkellova § 16Matrikkellova § 9omtalt i 4 kilderreferert av 1

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også2
Referert av1
Nevnt i4
Endringshistorikk2

Koblinger for § 12 i matrikkellova.

Les hele loven i sammenheng →