Lov
Nynorsk
§ 6-27. Frist for iverksetjing av endeleg jordskifteløysing
Frist for iverksetjing av endeleg jordskifteløysing
Endeleg jordskifteløysing etter § 6-23 fjerde ledd bokstav h skal innehalde frist for overgang til nye eigedomstilhøve og andre fristar som trengst for å setje i verk endringane i jordskiftet. Utan samtykke frå alle som endringane gjeld, må det ikkje setjast kortare frist enn ein månad rekna frå forkynninga. Fristen skal ikkje vere lengre enn det som trengst for å setje i verk ei avgjerd. Berre i særlege tilfelle kan ein frist setjast til meir enn fem år. Ein frist kan aldri vere lengre enn ti år.
Etter søknad kan jordskifteretten gi utsetjing med å gjennomføre tiltak dersom det blir bevist at det er uråd å gjennomføre tiltaket til fastsett tid, og vedkommande ikkje er skuld i eller rår for det. Om utsetjinga vil vere til skade for nokon av dei andre partane, skal jordskifteretten fastsetje vederlag for skaden.
Jordskifteretten kan etter søknad forlengje fristar for gjennomføring av felles tiltak, sjølv om vilkåra i andre ledd første punktum ikkje er oppfylte.
Ei endeleg jordskifteløysing skal fastsetje fristar for når nye eigedomstilhøve og endringar skal gjennomførast. Fristane kan i visse tilfelle utsetjast eller forlengjast etter søknad.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av3
Koblinger for § 6-27 i jordskiftelova.