Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 6-9. Sakleg og geografisk avgrensing av saka

Jordskiftelova·Kapittel 6. Reglar om saksbehandling

Sakleg og geografisk avgrensing av saka

Jordskifteretten skal gjere ei sakleg og geografisk avgrensing av saka i samsvar med det eller dei krava som reisast, og som partane har fått ytre seg om. Retten kan setje ein frist for partane til å fremje krav om den saklege eller geografiske avgrensinga av saka. Krav som er sette fram etter denne fristen, skal avvisast dersom retten ikkje finn gode grunnar for krava. Det skal mellom anna takast omsyn til kva dei andre partane meiner om krava, og om saka vil bli mykje forseinka. Retten skal ta avgjerd om avgrensinga så snart det er grunnlag for det. Om retten meiner det må til for å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva i eit jordskifteområde, kan han av eige tiltak gå utanom den geografiske avgrensinga i dei krava som er reiste, og ta med attverande delar av dei eigedommane som jordskiftet gjeld. Jordskifteområdet kan likevel ikkje utvidast meir enn det som trengst for å få løyst saka slik ho er sakleg avgrensa etter dei krava som er reiste.

Jordskifteretten bestemmer hva saken gjelder og hvilket område den omfatter basert på partenes krav. Retten kan sette tidsfrister for slike krav. I visse tilfeller kan retten utvide området for å løse problemer med eiendomstilhøvende.AI

referert av 4

Sammenheng

Referert av4
Endringshistorikk1

Koblinger for § 6-9 i jordskiftelova.

Les hele loven i sammenheng →