Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 11. Handsaming av saker etter § 9

Lov om forsvunne personar·Kapittel 3. Orskurd om død

Handsaming av saker etter § 9

I sak etter § 9 skal tingretten kalle den forsvunne inn etter reglane i domstolloven § 181 med eit varsel på minst tre månader. Innkallinga skal oppmode den som har opplysingar om den forsvunne, om å gi opplysingane til retten. Retten skal av eige tiltak søkje å skaffe opplysingar som kan sikre ei rett avgjerd. Retten skal gi melding til verja eller fullmektigen til den forsvunne om innkallinga. Om det let seg gjere, skal retten òg gi slik melding til dei som kan setje fram krav etter § 10. Sakskostnadene skal dekkjast av staten om ikkje retten avgjer at dei skal dekkjast av eigedelane til den forsvunne.

Tingretten skal kalle inn en forsvunnen person før det tas en avgjørelse om død. Retten skal selv prøve å finne opplysninger og varsle verger eller andre berørte parter. Staten dekker normalt saksomkostningene.AI

Se ogsåLov om forsvunne personar § 9Domstolloven § 181Lov om forsvunne personar § 10

Sammenheng

Se også3

Koblinger for § 11 i lov-om-forsvunne-personar.

Les hele loven i sammenheng →