Dødsorskurd i andre høve
Om ein person er forsvunnen under slike omstende at personen høgst sannsynleg er død, kan det reisast sak om at den forsvunne skal reknast for å vere død, når det har gått eitt år etter det siste tidspunktet da ein visste at personen var i live.
Det kan likevel straks reisast sak som nemnd i første ledd, dersom personen forsvann i samband med ein naturkatastrofe, ei anna stor ulukke, stridshandling eller ei anna ytre hending som skapte stor livsfare, og det av den grunn er høgst sannsynleg at personen er død.
I andre tilfelle enn dei som er nemnde i første og andre ledd, kan sak om at ein person skal reknast for å vere død, reisast når det har gått fem år etter det siste tidspunktet da ein visste at personen var i live.
Retten treff avgjerda ved orskurd. Reglane i tvisteloven gjeld så langt dei høver. Orskurden skal gå ut på at personen skal reknast for å vere død, eller at kravet ikkje blir tatt til følgje.
Sammenheng
Referert av10
- Folkeregisterforskriften § 8-4-16Norske statsborgere
- Lov om forsvunne personar § 10Framsetjing av krav om dødsorskurd etter § 9
- Lov om forsvunne personar § 11Handsaming av saker etter § 9
- Lov om forsvunne personar § 12Rettsmiddel
- Lov om forsvunne personar § 13Dødsdagen
- Lov om forsvunne personar § 14Rettskraft
- Lov om forsvunne personar § 15Handsaming av buet og skifte
- Lov om forsvunne personar § 17Verknader for ekteskapet
- Lov om forsvunne personar § 20Utbetalt forsikring
- Lov om forsvunne personar § 21Pensjon og andre offentlege stønader
Koblinger for § 9 i lov-om-forsvunne-personar.