Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 20. Utbetalt forsikring

Lov om forsvunne personar·Kapittel 5. Attendeføring fordi den forsvunne har kome til rette o.a.

Utbetalt forsikring

Ein forsikringssum som er utbetalt etter ein dødsorskurd etter § 8 eller § 9, kan ikkje krevjast att jamvel om det viser seg at den forsvunne lever, eller at han eller ho døydde på eit slikt tidspunkt at forsikringssummen ikkje skulle vore utbetalt. Dette gjeld likevel ikkje om det er klårt urimeleg at den som har fått utbetalt summen, får behalde han. Når det er gått 20 år sidan dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13, kan forsikringssummen uansett ikkje krevjast attende. Dersom forsikringssummen kan krevjast attende, kan kravet setjast ned eller falle bort etter reglane i § 19 første ledd. Beløp som selskapet ikkje kan få attende frå mottakaren, skal gå til frådrag i det forsikringsselskapet har plikt til å dekkje. Forsikringsselskapet kan rekne forsikringsforholdet som opp- og avgjort ved den utbetalinga som er skjedd på grunnlag av dødsorskurden. I så fall overtar personen som har kome attende, kravet til forsikringsselskapet.

Forsikringspenger utbetalt etter en dødsdom kan som hovedregel ikke kreves tilbake selv om personen lever. Unntaket er hvis det er klart urimelig at mottakeren beholder pengene, eller om det har gått 20 år siden den fastsatte dødsdagen.AI

Se ogsåLov om forsvunne personar § 8Lov om forsvunne personar § 9Lov om forsvunne personar § 13Lov om forsvunne personar § 19

Sammenheng

Se også4

Koblinger for § 20 i lov-om-forsvunne-personar.

Les hele loven i sammenheng →