Lov
Nynorsk
§ 19. Kva som skal førast attende
Lov om forsvunne personar·Kapittel 5. Attendeføring fordi den forsvunne har kome til rette o.a.·Sist endret 1. januar 2021
Kva som skal førast attende
Ingen arving har plikt til å gi att meir enn han eller ho har mottatt. Er den mottatte arven avhenda eller forbrukt, er arvingen ansvarleg for verdien på det tidspunktet tingen blei avhenda eller forbrukt, men ikkje for meir enn verdien av ein like god ting av same slag på tidspunktet da kravet blir sett fram. Kravet skal setjast ned eller falle bort når det er urimeleg på grunn av levekåra eller stoda elles at arvingen skal svare fullt ut for eigedelar som han eller ho ikkje lenger har. Er arven gått tapt utan at arvingen er skuld i tapet, er arvingen friteken for plikta til attendeføring.
Inntekt som er tent opp av formuen før kravet om attendeføring er sett fram, treng arvingen ikkje å gi attende.
Er ein eigedel avhenda, skal den som har tatt over eigedelen, levere eigedelen attende etter reglane i første og andre ledd dersom han eller ho ikkje var i god tru på tidspunktet for ervervet.
Arvelova § 70 første ledd gjeld tilsvarande.
Hvis en forsvunnen person kommer til rette, må arvinger levere tilbake arven, men ikke mer enn det de har mottatt. Beløpet kan reduseres dersom det er urimelig på grunn av arvingens livssituasjon, og man er ikke ansvarlig for verdier som har gått tapt uten egen skyld.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149.
Sammenheng
Se også1
Nevnt i2
Koblinger for § 19 i lov-om-forsvunne-personar.