Hopp til innhold
Lov
Nynorsk
Justis- og beredskapsdepartementet

Lov om forsvunne personar

lov/2015-05-12-27·24 paragrafer·Sist endret 1. juni 2021·Utforsk grafen
I kraft 2015-07-01Kunngjort 2015-05-12Sist endret ved lov/2021-05-07-34 fra 2021-06-01
Innhold24 paragrafer

Kapittel 1. Allmenne føresegner

Kva lova gjeld

Denne lova gir reglar om forvalting av eigedelane til ein person som er forsvunnen. Lova gir òg reglar om korleis ein skal gå fram for å avgjere om ein person skal reknast for å vere død, verknaden av ei slik avgjerd og reglar om attendeføring av personen sine eigedelar dersom personen seinare kjem til rette.

Loven inneholder regler for hvordan eiendelene til en forsvunnen person skal forvaltes. Den fastsetter også hvordan man avgjør om en person skal anses som død, samt hva som skjer med eiendelene hvis personen dukker opp igjen.AI

Jurisdiksjon og lovval

Ei sak etter lova her om at ein person skal reknast for å vere død, kan reisast i Noreg dersom den forsvunne personen hadde vanleg bustad her da han eller ho forsvann. Om den forsvunne ikkje hadde vanleg bustad i Noreg, kan det likevel reisast sak her om han eller ho har late etter seg formue i riket, men da berre med verknad for denne formuen. Det same gjeld om saka av andre grunnar er knytt til Noreg på ein slik måte at det er rimeleg at ho blir reist her, og det blir godtgjort at det ikkje er eller vil bli reist sak i ein annan stat der det er meir føremålstenleg å avgjere saka. Saker om forsvunne personar som høyrer under norsk avgjerdsmakt, skal avgjerast etter norsk lov.

Reglene bestemmer når norske domstoler kan avgjøre om en forsvunnen person skal regnes som død. Dette gjelder primært hvis personen bodde i Norge, eller i visse tilfeller hvis vedkommende hadde verdier her.AI

referert av 2

Verneting

Ei sak om at ein person skal reknast for å vere død, skal reisast ved tingretten i den rettskrinsen der den forsvunne hadde sitt allmenne verneting. Saker som blir reist i Noreg etter § 2 andre ledd første punktum fordi den forsvunne har formue i Noreg, skal reisast i Oslo rettskrins. Eig den forsvunne fast eigedom i Noreg, skal saka likevel reisast ved tingretten i den rettskrinsen der den faste eigedomen ligg. Saker som blir reiste i Noreg etter § 2 andre ledd andre punktum, skal reisast i Oslo rettskrins.

Reglene bestemmer hvilken tingrett som skal behandle en sak om en person skal regnes som død. Som hovedregel er dette retten der den forsvunne hadde sitt faste bosted, men det finnes egne regler for personer med eiendeler i Norge.AI

Se ogsåLov om forsvunne personar § 2

Kapittel 2. Forvalting av buet til ein forsvunnen person o.a.

Melding om forsvinning

Om ein person som hadde vanleg bustad i Noreg, er forsvunnen, skal ektemaken, sambuaren, slektningane eller offentleg myndigheit melde frå til tingretten der den forsvunne hadde sitt allmenne verneting. Andre som kjenner til forsvinninga, kan òg gi slik melding.

Når en person som bodde i Norge forsvinner, skal ektefelle, samboer, slektninger eller myndighetene melde fra til tingretten. Andre personer som vet om forsvinningen kan også gi melding.AI

Oppnemning av verje

Om ikkje retten straks gir orskurd etter § 8, skal retten melde frå til statsforvaltaren om forsvinninga. Statsforvaltaren oppnemner ei verje om dette trengst for å tryggje interessene til den forsvunne. Dersom den forsvunne har ektemake eller sambuar eller ein fullmektig til å ta seg av interessene sine, bør statsforvaltaren gjere vedtak om at ektemaken, sambuaren eller fullmektigen skal tryggje interessene til den forsvunne om dei er eigna til det. Statsforvaltaren fastset om verja skal ha betalt for oppdraget, og kor mykje. Denne betalinga og utlegg i samband med oppdraget som verje skal dekkjast av eigedelane til den forsvunne personen. Reglane i lov om vergemål gjeld tilsvarande så langt dei høver.

Retten gir beskjed til statsforvalteren når en person forsvinner. Statsforvalteren kan oppnevne en verje for å passe på personens interesser, eller beslutte at ektefelle, samboer eller fullmektig skal gjøre dette. Kostnader til vergen betales fra den forsvunnes eiendeler.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

Se ogsåLov om forsvunne personar § 8

Forvalting av eigedelane til den forsvunne

Eigedelane til den forsvunne skal forvaltast som eigedelane til personar under verjemål. Om det let seg gjere, skal verja ta arvingane med på råd ved viktige avgjerder som sal av fast eigedom eller større utbetalingar.

Eiendelene til en person som har forsvunnet, skal forvaltes på samme måte som for personer under vergemål. Ved viktige beslutninger skal vergen, dersom det er mulig, rådføre seg med arvingene.AI

referert av 2

Avgrensa utbetaling

Statsforvaltaren kan gjere vedtak om ei avgrensa utbetaling av den forsvunne sine eigedelar jamvel om det ikkje straks kan givast orskurd etter § 8, dersom den forsvunne hadde plikt til underhald av ektemake eller barn eller ei slik utbetaling trengst av andre grunnar.

Statsforvalteren kan bestemme at det skal betales ut begrensede beløp fra eiendelene til en person som er forsvunnet. Dette kan skje dersom personen hadde plikt til å forsørge ektefelle eller barn, eller hvis det er andre grunner for det.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

Se ogsåLov om forsvunne personar § 8

Kapittel 3. Orskurd om død

Dødsorskurd når det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død

Om ein person er forsvunnen under slike omstende at det ikkje er grunn til å tvile på at personen er død, kan tingretten straks treffe avgjerd om at personen skal reknast for å vere død. Krav om avgjerd etter første ledd kan setjast fram av ektemaken, sambuaren, arvingen eller andre som kan vise til at dei verkeleg treng ei slik avgjerd. Kravet skal setjast fram skriftleg. Retten treff avgjerda etter første ledd ved orskurd. Reglane i tvisteloven gjeld så langt dei høver. Reglane i første til tredje ledd gjeld òg når ein person har døydd i utlandet, og det ikkje kan skaffast dokumentasjon på dødsfallet som norske styresmakter godtek for å registrere dødsfallet i Folkeregisteret. Reglane elles i denne lova gjeld tilsvarande for slike saker så langt dei høver.

Tingretten kan fastslå at en forsvunnen person er død dersom det ikke er grunn til å tvile på dødsfallet. Dette gjelder også for dødsfall i utlandet der man ikke kan skaffe godkjent dokumentasjon til Folkeregisteret.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 15 juni 2018 nr. 37 (ikr. 1 juli 2018 iflg. res. 15 juni 2018 nr. 887).

omtalt i 1 kildereferert av 11

Dødsorskurd i andre høve

Om ein person er forsvunnen under slike omstende at personen høgst sannsynleg er død, kan det reisast sak om at den forsvunne skal reknast for å vere død, når det har gått eitt år etter det siste tidspunktet da ein visste at personen var i live. Det kan likevel straks reisast sak som nemnd i første ledd, dersom personen forsvann i samband med ein naturkatastrofe, ei anna stor ulukke, stridshandling eller ei anna ytre hending som skapte stor livsfare, og det av den grunn er høgst sannsynleg at personen er død. I andre tilfelle enn dei som er nemnde i første og andre ledd, kan sak om at ein person skal reknast for å vere død, reisast når det har gått fem år etter det siste tidspunktet da ein visste at personen var i live. Retten treff avgjerda ved orskurd. Reglane i tvisteloven gjeld så langt dei høver. Orskurden skal gå ut på at personen skal reknast for å vere død, eller at kravet ikkje blir tatt til følgje.

referert av 10

Framsetjing av krav om dødsorskurd etter § 9

Sak etter § 9 skal reisast ved at krav om dødsorskurd blir satt fram skriftleg for tingretten. Ektemaken, sambuaren eller arving til den forsvunne kan krevje slik orskurd. Andre kan krevje orskurd etter § 9 første og tredje ledd dersom dei kan vise til at dei verkeleg treng ei avgjerd om at personen skal reknast for å vere død.

En forespørsel om at en forsvunnen person skal erklæres død må sendes skriftlig til tingretten. Ektefelle, samboer eller arvinger kan fremme kravet, mens andre må bevise at de har et reelt behov for en slik avgjørelse.AI

Se ogsåLov om forsvunne personar § 9referert av 2

Handsaming av saker etter § 9

I sak etter § 9 skal tingretten kalle den forsvunne inn etter reglane i domstolloven § 181 med eit varsel på minst tre månader. Innkallinga skal oppmode den som har opplysingar om den forsvunne, om å gi opplysingane til retten. Retten skal av eige tiltak søkje å skaffe opplysingar som kan sikre ei rett avgjerd. Retten skal gi melding til verja eller fullmektigen til den forsvunne om innkallinga. Om det let seg gjere, skal retten òg gi slik melding til dei som kan setje fram krav etter § 10. Sakskostnadene skal dekkjast av staten om ikkje retten avgjer at dei skal dekkjast av eigedelane til den forsvunne.

Tingretten skal kalle inn en forsvunnen person før det tas en avgjørelse om død. Retten skal selv prøve å finne opplysninger og varsle verger eller andre berørte parter. Staten dekker normalt saksomkostningene.AI

Se ogsåLov om forsvunne personar § 9Domstolloven § 181Lov om forsvunne personar § 10

Dødsdagen

Ein orskurd etter § 8 eller § 9 skal fastsetje den dagen den forsvunne personen skal reknast som død. Dette skal om mogeleg vere den dagen den forsvunne mest truleg døydde, og elles den siste dagen i den månaden ein tidlegast kunne reise sak etter § 9.

En rettsavgjørelse skal fastslå hvilken dag en forsvunnen person regnes som død. Dette skal normalt være dagen personen mest sannsynlig døde, eller alternativt den siste dagen i måneden man tidligst kunne starte saken.AI

Se ogsåLov om forsvunne personar § 8Lov om forsvunne personar § 9referert av 3

Rettskraft

Ein rettskraftig orskurd etter § 8 eller § 9 verkar for og mot alle og skal leggjast til grunn i alle forhold der det har noko å seie om den forsvunne er i live eller ikkje etter den dagen orskurden fastset som dødsdagen. Ei avgjerd etter § 2 andre ledd første punktum har berre verknad for denne formuen.

En rettskraftig dom om dødstidspunkt gjelder for alle og skal legges til grunn i alle sammenhenger der det er relevant om personen lever eller ikke. En avgjørelse som gjelder spesifikt for en formue, har kun virkning for denne formuen.AI

Se ogsåLov om forsvunne personar § 8Lov om forsvunne personar § 9Lov om forsvunne personar § 2

Kapittel 4. Verknaden av ein orskurd om død

Handsaming av buet og skifte

Når ein orskurd etter § 8 eller § 9 er blitt endeleg, skal buet til den forsvunne handsamast som om den forsvunne var død på dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13. Fristane i arveloven tredje del gjeld i desse tilfella frå det tidspunktet det tidlegast var mogeleg å få buet skifta. Er nettoformuen til den forsvunne mindre enn fire gonger grunnbeløpet i folketrygda, kan ektemaken eller arvingane krevje at buet skal handsamast som om den forsvunne var død utan dødsorskurd så snart fristen etter § 9 første ledd er gått ut. Tingretten fastset i så fall dødsdagen etter reglane i § 13.

Når det foreligger en endelig dom om at en forsvunnet person er død, skal boet behandles som om personen døde på den fastsatte dødsdagen. Ved lav nettoformue kan arvinger eller ektefelle kreve at boet behandles som et dødsbo uten en slik dom.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149.

Se ogsåLov om forsvunne personar § 8Lov om forsvunne personar § 9Lov om forsvunne personar § 13omtalt i 1 kilde

Skifte etter fem år

Er det gått fem år sidan det siste tidspunktet da ein visste at den forsvunne var i live, utan at eigedelane som er til forvalting etter § 6, er skifta, skal den som forvaltar eigedelane, gi melding til tingretten. Tingretten skal handsame eigedelane som om den forsvunne var død. Buet skal delast mellom dei som er arvingar etter den forsvunne når femårsfristen går ut. Arvingane skal varslast ved innkalling etter reglane i arvelova § 101 tredje ledd første punktum. Om ingen melder seg som arving, gjeld arvelova § 76 tilsvarande.

Hvis det har gått fem år siden man sist visste at en person var i live, skal tingretten behandle eiendelene som om personen er død. Arven skal da deles mellom arvingene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149.

Se ogsåLov om forsvunne personar § 6Arveloven § 101Arveloven § 76omtalt i 1 kilde

Verknader for ekteskapet

Når ein orskurd etter § 8 eller § 9 er rettskraftig, er ekteskapet oppløyst dersom ektemaken etter den forsvunne giftar seg på nytt. Dette gjeld jamvel om avgjerda seinare blir oppheva eller endra. Har ektemaken ikkje gifta seg på nytt, står ekteskapet ved lag om det viser seg at den forsvunne lever.

Se ogsåLov om forsvunne personar § 8Lov om forsvunne personar § 9

Kapittel 5. Attendeføring fordi den forsvunne har kome til rette o.a.

Frist for attendeføring

Den forsvunne kan innan 20 år frå dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13, krevje eigedelane sine att frå dei som arva han eller henne. Om forsvinninga var frivillig, er fristen 10 år. Dei rette arvingane kan innan 10 år frå dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13, krevje arv utlevert om det blir godtgjort at den forsvunne døydde på eit anna tidspunkt enn det som var lagt til grunn ved delinga av buet.

En person som var erklært død, kan kreve eiendelene sine tilbake fra arvingene. Det er også mulig for arvinger å kreve ny utdeling av arv dersom det bevises at dødsfallet skjedde på et annet tidspunkt enn først antatt.AI

Se ogsåLov om forsvunne personar § 13

Kva som skal førast attende

Ingen arving har plikt til å gi att meir enn han eller ho har mottatt. Er den mottatte arven avhenda eller forbrukt, er arvingen ansvarleg for verdien på det tidspunktet tingen blei avhenda eller forbrukt, men ikkje for meir enn verdien av ein like god ting av same slag på tidspunktet da kravet blir sett fram. Kravet skal setjast ned eller falle bort når det er urimeleg på grunn av levekåra eller stoda elles at arvingen skal svare fullt ut for eigedelar som han eller ho ikkje lenger har. Er arven gått tapt utan at arvingen er skuld i tapet, er arvingen friteken for plikta til attendeføring. Inntekt som er tent opp av formuen før kravet om attendeføring er sett fram, treng arvingen ikkje å gi attende. Er ein eigedel avhenda, skal den som har tatt over eigedelen, levere eigedelen attende etter reglane i første og andre ledd dersom han eller ho ikkje var i god tru på tidspunktet for ervervet. Arvelova § 70 første ledd gjeld tilsvarande.

Hvis en forsvunnen person kommer til rette, må arvinger levere tilbake arven, men ikke mer enn det de har mottatt. Beløpet kan reduseres dersom det er urimelig på grunn av arvingens livssituasjon, og man er ikke ansvarlig for verdier som har gått tapt uten egen skyld.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lov 14 juni 2019 nr. 21 (ikr. 1 jan 2021 iflg. res. 28 feb 2020 nr. 200) som endra med lov 18 des 2020 nr. 149.

Se ogsåArveloven § 70omtalt i 2 kilderreferert av 1

Utbetalt forsikring

Ein forsikringssum som er utbetalt etter ein dødsorskurd etter § 8 eller § 9, kan ikkje krevjast att jamvel om det viser seg at den forsvunne lever, eller at han eller ho døydde på eit slikt tidspunkt at forsikringssummen ikkje skulle vore utbetalt. Dette gjeld likevel ikkje om det er klårt urimeleg at den som har fått utbetalt summen, får behalde han. Når det er gått 20 år sidan dagen som er rekna som dødsdagen etter § 13, kan forsikringssummen uansett ikkje krevjast attende. Dersom forsikringssummen kan krevjast attende, kan kravet setjast ned eller falle bort etter reglane i § 19 første ledd. Beløp som selskapet ikkje kan få attende frå mottakaren, skal gå til frådrag i det forsikringsselskapet har plikt til å dekkje. Forsikringsselskapet kan rekne forsikringsforholdet som opp- og avgjort ved den utbetalinga som er skjedd på grunnlag av dødsorskurden. I så fall overtar personen som har kome attende, kravet til forsikringsselskapet.

Forsikringspenger utbetalt etter en dødsdom kan som hovedregel ikke kreves tilbake selv om personen lever. Unntaket er hvis det er klart urimelig at mottakeren beholder pengene, eller om det har gått 20 år siden den fastsatte dødsdagen.AI

Se ogsåLov om forsvunne personar § 8Lov om forsvunne personar § 9Lov om forsvunne personar § 13Lov om forsvunne personar § 19

Pensjon og andre offentlege stønader

Trygdeytingar, livrente eller annan offentleg eller privat stønad som er utbetalt etter ein dødsorskurd etter § 8 eller § 9, kan ikkje krevjast att frå mottakaren, jamvel om det viser seg at den forsvunne lever. Det som er utbetalt, skal gå til frådrag i krav på stønad frå personen som har kome att, for den tida han eller ho har vore forsvunnen.

Penger utbetalt som pensjon eller andre stønader etter en dødsdom kan ikke kreves tilbake selv om personen viser seg å være i live. Det utbetalte beløpet blir i stedet trukket fra det personen har krav på i stønad for tiden vedkommende var forsvunnen.AI

Se ogsåLov om forsvunne personar § 8Lov om forsvunne personar § 9

Oppheving av orskurd om død

Retten kan oppheve ein orskurd om død etter stemning frå personen som etter orskurden er rekna som død.

En rettsavgjørelse som slår fast at en person er død, kan oppheves. Dette kan skje dersom personen som ble erklært død, selv ber om det gjennom en stemning.AI

Kapittel 6. Sluttføresegner

Når lova gjeld frå. Overgangsføresegner

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Lova gjeld for avgjerder som blir trefte etter iverksetjinga av lova jamvel om forsvinninga skjedde før. Ei etablert ordning for forvalting av eigedelane til den forsvunne skal førast vidare etter den nye lova, om ikkje statsforvaltaren fastset noko anna. Reglane om attendeføring av eigedelar etter kapittel 5 i lova her gjeld om den forsvunne kjem att etter iverksetjinga av lova. Kongen kan fastsetje overgangsføresegner.

Loven trer i kraft fra en dato Kongen bestemmer. Den gjelder for beslutninger tatt etter dette tidspunktet, selv om personen forsvant tidligere. Eksisterende forvaltning av eiendeler fortsetter etter den nye loven med mindre statsforvalteren bestemmer noe annet.AI

Noter (2)
  • EndringEndra ved lov 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).
  • Note 1Frå 1 juli 2015 iflg. res. 12 mai 2015 nr. 469 .

Endringar i andre lover

Frå den tida lova trer i kraft blir det gjort følgjande endringar i andre lover: – – –

Denne bestemmelsen slår fast at det blir gjort endringer i andre lover når denne loven trer i kraft.AI

Vanlige spørsmål

✨ AI-generert

Forenklede forklaringer laget med AI og kontrollert automatisk — les alltid selve lovteksten.

Hva skjer med tingene til en person som er forsvunnen?

Loven inneholder regler for hvordan eiendelene til en forsvunnen person skal forvaltes. Den fastsetter også hvordan man avgjør om en person skal anses som død, samt hva som skjer med eiendelene hvis personen dukker opp igjen.

Åpne § 1
Hvilken lov brukes i saker som norske myndigheter har makt til å avgjøre?

Reglene bestemmer når norske domstoler kan avgjøre om en forsvunnen person skal regnes som død. Dette gjelder primært hvis personen bodde i Norge, eller i visse tilfeller hvis vedkommende hadde verdier her.

Åpne § 2
Hvor skal en sak om at en person regnes for død startes?

Reglene bestemmer hvilken tingrett som skal behandle en sak om en person skal regnes som død. Som hovedregel er dette retten der den forsvunne hadde sitt faste bosted, men det finnes egne regler for personer med eiendeler i Norge.

Åpne § 3
Hvem skal varsle tingretten hvis noen forsvinner?

Når en person som bodde i Norge forsvinner, skal ektefelle, samboer, slektninger eller myndighetene melde fra til tingretten. Andre personer som vet om forsvinningen kan også gi melding.

Åpne § 4
Hvem oppnevner en verje for en person som har forsvunnet?

Retten gir beskjed til statsforvalteren når en person forsvinner. Statsforvalteren kan oppnevne en verje for å passe på personens interesser, eller beslutte at ektefelle, samboer eller fullmektig skal gjøre dette. Kostnader til vergen betales fra den forsvunnes eiendeler.

Åpne § 5
Hvordan skal eiendelene til en forsvunnen person forvaltes?

Eiendelene til en person som har forsvunnet, skal forvaltes på samme måte som for personer under vergemål. Ved viktige beslutninger skal vergen, dersom det er mulig, rådføre seg med arvingene.

Åpne § 6
Kan det betales ut penger fra eiendelene til en forsvunnet person?

Statsforvalteren kan bestemme at det skal betales ut begrensede beløp fra eiendelene til en person som er forsvunnet. Dette kan skje dersom personen hadde plikt til å forsørge ektefelle eller barn, eller hvis det er andre grunner for det.

Åpne § 7
Kan retten bestemme at en forsvunnen person er død?

Tingretten kan fastslå at en forsvunnen person er død dersom det ikke er grunn til å tvile på dødsfallet. Dette gjelder også for dødsfall i utlandet der man ikke kan skaffe godkjent dokumentasjon til Folkeregisteret.

Åpne § 8

Forarbeider og bakgrunn

Beslektede lover og forskrifter

Samme rettsområde — mest siterte først.