Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 2. Jurisdiksjon og lovval

Lov om forsvunne personar·Kapittel 1. Allmenne føresegner

Jurisdiksjon og lovval

Ei sak etter lova her om at ein person skal reknast for å vere død, kan reisast i Noreg dersom den forsvunne personen hadde vanleg bustad her da han eller ho forsvann. Om den forsvunne ikkje hadde vanleg bustad i Noreg, kan det likevel reisast sak her om han eller ho har late etter seg formue i riket, men da berre med verknad for denne formuen. Det same gjeld om saka av andre grunnar er knytt til Noreg på ein slik måte at det er rimeleg at ho blir reist her, og det blir godtgjort at det ikkje er eller vil bli reist sak i ein annan stat der det er meir føremålstenleg å avgjere saka. Saker om forsvunne personar som høyrer under norsk avgjerdsmakt, skal avgjerast etter norsk lov.

Reglene bestemmer når norske domstoler kan avgjøre om en forsvunnen person skal regnes som død. Dette gjelder primært hvis personen bodde i Norge, eller i visse tilfeller hvis vedkommende hadde verdier her.AI

referert av 2

Sammenheng

Referert av2

Koblinger for § 2 i lov-om-forsvunne-personar.

Les hele loven i sammenheng →