Lov
Nynorsk
§ 10. Felles vilkår for matrikulering
Matrikkellova·Kapittel 3. Vilkår for matrikulering og andre føringar som gjeld matrikkeleiningar·Sist endret 1. juli 2025
Felles vilkår for matrikulering
Før ny grunneigedom, ny anleggseigedom, ny festegrunn eller nytt jordsameige kan opprettast i matrikkelen, må det liggje føre løyve etter plan- og bygningsloven § 20-2. For innføring av ny eigarseksjon må det liggje føre kommunalt seksjoneringsvedtak etter eierseksjonsloven § 13.
Ei ny matrikkeleining kan berre opprettast når det er klart kva for matrikkeleining eller matrikkeleiningar den nye eininga blir utskilt frå eller oppretta på. Dette gjeld ikkje ved oppretting av ny grunneigedom, anleggseigedom eller festegrunn i samsvar med § 9 første ledd bokstav b til h.
Ny matrikkeleining kan opprettast med delar frå fleire matrikkeleiningar med ulike heimelshavarar dersom vilkåra for å slå saman delane elles er oppfylte.
Ny matrikkeleining kan opprettast sjølv om nokon av dei eksisterande grensene ikkje er merkte og målte, dersom dette ikkje er til ulempe for utnytting av matrikkeleininga, og:
a) det er godtgjort at vedkommande grense er omstridd,
b) eininga er så stor at det er urimeleg å krevje oppmåling av vedkommande grense, eller
c) det av andre grunnar ikkje er formålstenleg å krevje måling eller merking av vedkommande grense.
Ny matrikkeleining kan også førast inn i matrikkelen når opprettinga er bestemt av jordskifteretten.
Departementet kan gi forskrift om matrikkelføring av ny matrikkeleining, til dømes om unnatak frå plikt til matrikulering og innskrenking og utviding av vilkåra for matrikulering.
Bestemmelsen fastslår kravene for å opprette nye eiendomsenheter i matrikkelen. Det kreves normalt tillatelse etter plan- og bygningsloven eller et kommunalt seksjoneringsvedtak. Det må være tydelig hvilke enheter den nye enheten utskilles fra.AI
Endret 20. juni 2025
Endringshistorikk (4)
- 20. juni 2025Endringslov til plan- og bygningsloven og matrikkellova
- 8. mars 2019Endringslov til plan- og bygningsloven m.m.
- 20. april 2018Endringslov til matrikkellova og plan- og bygningsloven
- 20. april 2018Delt ikrafts. av lov 2018:12, om endr. i matrikkellova og plan- og bygningsloven
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 29 juni 2007 nr. 94 (ikr. 29 juni 2007 iflg. res. 29 juni 2007 nr. 760), 27 juni 2008 nr. 71 (ikr. 1 juli 2010 iflg. res. 18 juni 2010 nr. 896) som endra ved lov 8 mai 2009 nr. 27, 20 juni 2014 nr. 52 (ikr. 1 juli 2015 iflg. res. 19 juni 2015 nr. 702), 20 apr 2018 nr. 12 (ikr. 20 apr 2018 iflg. res. 20 apr 2018 nr. 593), 8 mars 2019 nr. 5 (ikr. 8 mars 2019 iflg. res. 8 mars 2019 nr. 195), 20 juni 2025 nr. 93 (i kraft 1 juli 2025 iflg. res. 20. juni 2025 nr. 1328).
Se ogsåPlan- og bygningsloven § 20-2Eierseksjonsloven § 13Matrikkellova § 9omtalt i 7 kilder →referert av 6 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Referert av6
- Forskrift om eiendomsregistrering på Svalbard § 5Krav om tillatelse for eiendomstiltak
- Forskrift om eiendomsregistrering på Svalbard § 6Merking og måling av grenser
- Jordskiftelova § 3-35Skiping og oppmåling av nye matrikkeleiningar
- Matrikkelforskriften § 27 første leddDokumentasjon og felles vilkår for matrikkelføring i saker som krever oppmålingsforretning
- Matrikkellova § 14Registrering av jordsameige
- Matrikkellova § 34Merking og måling av grenser
Nevnt i7
- Lovvedtak 129 (2024–2025)Vedtak til lov om endringer i plan- og bygningsloven og matrikkellova (nye virkemidler ved fortetting og transformasjon, grunneierfinansiering av infrastruktur mv.)
- Lovvedtak 40 (2018–2019)Vedtak til lov om endringer i plan- og bygningsloven m.m. (håndtering av overvann i arealplanleggingen mv.)
- Lovvedtak 37 (2017–2018)Vedtak til lov om endringer i matrikkellova og plan- og bygningsloven - BERIKTIGET
- Innst. 165 L (2017–2018)Innstilling til Stortinget fra kommunal- og forvaltningskomiteen
- Lovvedtak 93 (2013–2014)Vedtak til lov om endringer i plan- og bygningsloven (forenklinger i byggesaksdelen og oppheving av krav om lokal godkjenning av foretak) m.m.
- Lovvedtak 97 (2012–2013)Vedtak til lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)
- Innst. 403 L (2012–2013)Innstilling frå justiskomiteen om lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)
Endringshistorikk4
Koblinger for § 10 i matrikkellova.