Innsyn i graderte dokument
Ved krav om innsyn i dokument som inneheld materiale som er påført gradering etter sikkerhetsloven eller beskyttelsesinstruksen, skal spørsmål om avgradering leggjast fram for den som har oppretta dokumentet, for avgjerd i samsvar med virksomhetsikkerhetsforskriften § 33 eller beskyttelsesinstruksen § 5. Organet som mottek innsynskravet, kan likevel avslå eit krav om innsyn, utan at spørsmålet om avgradering fyrst har vore lagt fram etter fyrste punktum, dersom
a) det uavhengig av graderinga ikkje skal givast innsyn i dokumentet, eller
b) det uavhengig av graderinga kan gjerast unntak frå innsyn i dokumentet, og organet som mottek innsynskravet, finn at meirinnsyn ikkje skal givast.
Finn det forvaltningsorganet som mottek kravet, grunn til å tru at det ikkje kan gjerast unntak frå innsyn etter offentleglova, eller at ei gradering elles ikkje kan oppretthaldast, skal det følgje prosedyren for omgradering som er fastsett i virksomhetsikkerhetsforskriften § 30 til § 32 eller i beskyttelsesinstruksen § 5.
Når noen ber om innsyn i graderte dokumenter, skal den som laget dokumentet avgjøre om det kan avgraderes. Innsyn kan likevel nektes med en gang dersom dokumentet uansett ikke skal være offentlig.AI
Endret 11. februar 2021 · i kraft 8. januar 2021
Endringshistorikk (2)
- 11. februar 2021Endr. i offentlegforskrifta
- 24. juni 2019Endr. i forskrift til offentleglova
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 8 jan 2021 nr. 369.
Se ogsåVirksomhetsikkerhetsforskriften § 33Beskyttelsesinstruksen § 5 første leddVirksomhetsikkerhetsforskriften § 30Virksomhetsikkerhetsforskriften § 32
Sammenheng
Se også4
Endringshistorikk2
Koblinger for § 10 i offentlegforskrifta.