Hopp til innhold
Forskrift

§ 9. Unntak for dokument og journalar

Offentlegforskrifta·Sist endret 1. juli 2021

Unntak for dokument og journalar

Det kan gjerast unntak frå innsyn i dokument og journalar som er avleverte til arkivdepot når originalane er i så dårleg stand at dei ikkje toler handtering eller kopiering, eller arkivordninga gjer det urimeleg arbeidskrevjande å finne materialet eller å sikre at opplysningar som er underlagde teieplikt eller graderte ikkje blir leverte ut. Det kan gjerast unntak frå innsyn for tilbod og protokollar i tilbodskonkurransar som gjeld kjøp av flyrutetenester etter regelverk gitt i medhald av luftfartslova, inntil val av leverandør er gjort. Det kan gjerast unntak frå innsyn i dokument som gjeld saker hos Etterretningstenesta og hos Politiets tryggingsteneste (PST) og frå innsyn i journalar hos desse organa. Det kan gjerast unntak frå innsyn for journalinnføringar og dokument i enkeltsaker hos Meklingsnemnda for arbeidstakaroppfinningar, i saker om utferding av lån og garantiar hos Eksportfinansiering Norge og i enkeltsaker etter utlendingslova, pasientskadelova og statsborgarlova. Det kan gjerast unntak frå innsyn for journalinnføringar i følgjande sakstypar: a) enkeltsaker om adopsjon, ekteskap, partnarskap, separasjon, skilsmål, farskap, nedstamming, barnefordeling og bidrag b) enkeltsaker som gjeld konsulær bistand frå utanrikstenesta c) enkeltsaker etter barnevernlova, sosialtenestelova, psykisk helsevernlova og verjemålslova.

Det kan gjøres unntak fra retten til innsyn i visse dokumenter og journaler. Dette gjelder blant annet når materialet er for skjørt til å håndteres, eller i spesielle saker som gjelder nasjonal sikkerhet, familieforhold og helse.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 18 juni 2021 nr. 2010 (i kraft 1 juli 2021).

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 9 i offentlegforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →