Hopp til innhold
Forskrift

§ 7. Tilgjengeleggjering av dokument på Internett

Offentlegforskrifta·Sist endret 20. juli 2018

Tilgjengeleggjering av dokument på Internett

Organ som er omfatta av offentleglova, kan gjere dokument tilgjengelege for ålmenta på Internett. Følgjande skal ikkje gjerast tilgjengeleg på Internett: a) opplysningar som er underlagde teieplikt i lov eller i medhald av lov b) opplysningar som det kan gjerast unntak frå innsyn for etter § 9 i forskrifta her c) opplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10 d) fødselsnummer, personnummer og nummer med tilsvarande funksjon e) opplysningar om lønn og godtgjering til fysiske personar, med unntak for opplysningar om lønn og godtgjering til personar i leiande stillingar i det offentlege og i leiande stillingar eller i styret i sjølvstendige rettssubjekt f) materiale som ein tredjepart har immaterielle rettar til, med unntak for slikt materiale som er nemnd i § 5 fyrste ledd andre punktum og for materiale der rettshavaren samtykkjer til at materialet blir gjort tilgjengeleg. Organ som gjer dokument tilgjengeleg for ålmenta på Internett, skal opplyse kva for kriterium som ligg til grunn for utvalet av dokument.

Offentlige organer kan legge ut dokumenter på internett. Enkelte opplysninger, som personnumre, lønn og taushetsbelagt informasjon, skal imidlertid ikke publiseres. Organet må informere om hvilke kriterier som brukes for å velge ut dokumentene.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 15 juni 2018 nr. 876 (i kraft 20 juli 2018).

Se ogsåOffentlegforskrifta § 9Offentlegforskrifta § 5referert av 3

Sammenheng

Se også2
Referert av3

Koblinger for § 7 i offentlegforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →