Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 20. Unntak av omsyn til Noregs utanrikspolitiske interesser

Offentleglova·Kapittel 3. Unntak frå innsynsretten

Unntak av omsyn til Noregs utanrikspolitiske interesser

Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar når det er påkravd av omsyn til Noregs utanrikspolitiske interesser dersom: a) det følgjer av folkerettslege reglar at Noreg har plikt til å nekte innsyn i opplysningane, b) opplysningane er mottekne under føresetnad av eller det følgjer av fast praksis at dei ikkje skal offentleggjerast, eller c) opplysningane gjeld norske forhandlingsposisjonar, forhandlingsstrategiar eller liknande og forhandlingane ikkje er avslutta. Etter at forhandlingane er avslutta, kan det framleis gjerast unntak for slike opplysningar dersom det er grunn til å tru at det vil bli teke opp igjen forhandlingar om den same saka. Opplysningar i offisielle dokument som blir utveksla mellom Noreg og ein mellomstatleg organisasjon i saker som gjeld internasjonal normutvikling som kan få verknad for norsk rett, kan det gjerast unntak for etter første ledd bokstav b berre dersom det er påkravd av omsyn til tungtvegande utanrikspolitiske interesser. Det same gjeld opplysningar om norske forhandlingsposisjonar etter at posisjonane er lagde fram i forhandlingane. I andre høve enn dei som er nemnde i første og andre ledd, kan det gjerast unntak frå innsyn for opplysningar når det er påkravd av særleg tungtvegande utanrikspolitiske interesser.

Det kan nektes innsyn i opplysninger hvis det er nødvendig av hensyn til norske utenrikspolitiske interesser. Dette gjelder blant annet ved internasjonale plikter, konfidensiell informasjon eller pågående forhandlinger.AI

omtalt i 9 kilderreferert av 9

Sammenheng

Referert av9
Nevnt i8

Koblinger for § 20 i offentleglova.

Les hele loven i sammenheng →