Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 5-2. Innhaldet i retten til meir opplæring

Opplæringsforskrifta·Kapittel 5. Innhaldet i den vidaregåande opplæringa·Sist endret 2. april 2025

Innhaldet i retten til meir opplæring

Elevar som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått standpunktkarakter eller eksamen i eitt eller fleire fag, har rett til meir opplæring i faget eller faga. Opplæringa må vere i samsvar med læreplanen i faget, men fylkeskommunen kan gjere unntak frå timetalet. Opplæringa skal reknast som gjennomført etter første ledd dersom eleven har følgt opplæringa fram til 1. mars. Dersom opplæringa følgjer ei anna organisering enn eit normalt opplæringsår, må eleven ha følgt ein like stor del av opplæringa. Kandidatar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva, har rett til meir opplæring på eit opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 bygd på det programområdet dei har gjennomført på vidaregåande trinn 2. Det same gjeld kandidatar som ikkje har bestått ein nødvendig eksamen før fag- eller sveineprøva. Fylkeskommunen skal så langt det er mogleg sørgje for at kandidatane får meir opplæring i same lærefag som dei har avlagt, eller skulle avleggje, fag- eller sveineprøva i.

Elever som ikke har bestått fag eller eksamen etter fullført opplæring, har rett til mer opplæring. Dette gjelder også for kandidater som ikke har bestått fag- eller sveineprøve eller nødvendige eksamener før prøven.AI

Endret 8. september 2025 · i kraft 1. januar 2026
Endringshistorikk (2)
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575.

referert av 7

Sammenheng

Referert av7
Endringshistorikk2

Koblinger for § 5-2 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →