Forskrift
Nynorsk
§ 5-2. Innhaldet i retten til meir opplæring
Innhaldet i retten til meir opplæring
Elevar som har gjennomført opplæringa, men ikkje har bestått standpunktkarakter eller eksamen i eitt eller fleire fag, har rett til meir opplæring i faget eller faga. Opplæringa må vere i samsvar med læreplanen i faget, men fylkeskommunen kan gjere unntak frå timetalet.
Opplæringa skal reknast som gjennomført etter første ledd dersom eleven har følgt opplæringa fram til 1. mars. Dersom opplæringa følgjer ei anna organisering enn eit normalt opplæringsår, må eleven ha følgt ein like stor del av opplæringa.
Kandidatar som ikkje har bestått fag- eller sveineprøva, har rett til meir opplæring på eit opplæringstilbod på vidaregåande trinn 3 bygd på det programområdet dei har gjennomført på vidaregåande trinn 2. Det same gjeld kandidatar som ikkje har bestått ein nødvendig eksamen før fag- eller sveineprøva. Fylkeskommunen skal så langt det er mogleg sørgje for at kandidatane får meir opplæring i same lærefag som dei har avlagt, eller skulle avleggje, fag- eller sveineprøva i.
Elever som ikke har bestått fag eller eksamen etter fullført opplæring, har rett til mer opplæring. Dette gjelder også for kandidater som ikke har bestått fag- eller sveineprøve eller nødvendige eksamener før prøven.AI
Endret 8. september 2025 · i kraft 1. januar 2026
Endringshistorikk (2)
- 8. september 2025Endr. i opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta
- 2. april 2025Endr. i opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575.
Sammenheng
Referert av7
- Opplæringsforskrifta § 4-3Meir opplæring for elevar i fag som er gjennomført, men ikkje bestått
- Opplæringsforskrifta § 4-9 første leddFristar for å søkje om inntak
- Opplæringsforskrifta § 9-16Standpunktkarakterar i fag
- Opplæringsforskrifta § 9-28Eksamensformer, tidsramme og trekk av elevar til eksamen
- Opplæringsforskrifta § 9-36Utsett eksamen for elevar og privatistar i den vidaregåande opplæringa
- Opplæringsforskrifta § 9-37Ny eksamen for elevar i den vidaregåande opplæringa
- Opplæringsforskrifta § 9-38Særskild eksamen for elevar i den vidaregåande opplæringa
Endringshistorikk2
Koblinger for § 5-2 i opplæringsforskrifta.