Forskrift
Nynorsk
§ 6-23. Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda
Oppgåvene til yrkesopplæringsnemnda
Yrkesopplæringsnemnda skal arbeide for å heve kvaliteten på heile fag- og yrkesopplæringa og fremje behov og synsmåtar i arbeidslivet overfor fylkeskommunane.
Yrkesopplæringsnemnda skal uttale seg i saker som fylkeskommunen etter opplæringslova § 7-5, § 7-9 og § 8-2 har plikt til å leggje fram for nemnda.
Yrkesopplæringsnemnda skal særleg
a) arbeide for best mogleg dimensjonering av den vidaregåande opplæringa og gi fylkeskommunen råd om fastsetjinga av tilbod.
b) fremje forslag om organisering, arbeidsmåtar og strategiar for å utvikle kvaliteten på fag- og yrkesopplæringa, mellom anna om rutinane i fylkeskommunen og vurdere korleis partane i arbeidslivet skal bidra til kvalitetsutvikling og kvalitetssikring i fag- og yrkesopplæringa
c) vurdere korleis samhandlinga mellom skolar og lærebedrifter kan bli betre
d) vurdere korleis kompetanseutvikling kan sikrast
e) gi råd om korleis utviklinga av fag- og yrkesopplæringa og samhandling mellom skolar og bedrifter kan medverke til regional utvikling, mellom anna utvikling av nye verksemder og arbeidsplassar
f) arbeide for at rådgivinga om fag- og yrkesopplæring blir best mogleg, og foreslå tiltak der ho finn det nødvendig.
Yrkesopplæringsnemnda kan gi fylkeskommunen fullmakt til å gjere den faglege vurderinga av bedrifter eller til å utføre andre oppgåver som etter lov eller forskrift er lagde til yrkesopplæringsnemnda.
Yrkesopplæringsnemnda skal jobbe for høyere kvalitet i fag- og yrkesopplæringen og formidle arbeidslivets behov til fylkeskommunen. De skal gi råd om tilbud, organisering og samarbeidet mellom skoler og lærebedrifter.AI
Se ogsåOpplæringslova § 7-5Opplæringslova § 7-9Opplæringslova § 8-2
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 6-23 i opplæringsforskrifta.