Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-8. Fråværsgrense i vidaregåande skole

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering·Sist endret 1. august 2025

Fråværsgrense i vidaregåande skole

Elevar i vidaregåande skole som har fråvær i meir enn ti prosent av årstimetalet i eit fag, kan ikkje få standpunktkarakter i faget. Det same gjeld halvårsvurdering med karakter ved slutten av skoleåret i eit gjennomgåande fag. Dersom faglæraren har tilstrekkeleg grunnlag for å gi vurdering med karakter, jf. § 9-1, skal eleven likevel få karakter dersom det blir lagt fram dokumentasjon på at årsaka til fråværet er: a) sjukdom eller andre helseforhold b) velferdsforhold c) andre religiøse høgtidsdagar enn dei offentlege heilagdagane, avgrensa til to dagar, jf. trossamfunnsloven § 18 d) lovpålagt oppmøte e) arbeid som tillitsvald f) politisk arbeid g) hjelpearbeid h) tryggleikskurs på bane, andre og tredje del av tryggleikskurs på veg og førarprøve for klasse B, jf. trafikkopplæringsforskriften §§ 11-6, 11-8 og 30-2. i) representasjon på arrangement på nasjonalt og internasjonalt nivå. Ved fråvær som kjem av sjukdom eller andre helseforhold, kan eleven leggje fram eigenmelding i opptil ti prosent av timane i eit fag. Dersom helserelatert og eventuelt udokumentert fråvær i eit fag til saman har nådd ti prosent, må eleven leggje fram dokumentasjon frå helsepersonell ved meir helserelatert fråvær. Eleven kan likevel leggje fram eigenmelding etter at ti prosent er nådd, dersom årsaka er ein tilstand som gir høgare risiko for helserelatert fråvær, og dette er dokumentert av helsepersonell. Rektor sjølv kan avgjere at ein elev som til saman har opp til femten prosent eigenmeldt eller udokumentert fråvær i eit fag, likevel kan få karakter dersom årsaka til fråværet gjer det klart urimeleg at fråværsgrensa skal gjelde. Faglæraren må i alle høve ha tilstrekkeleg grunnlag for å gi karakter, jf. § 9-1.

Elever i videregående skole som har mer enn ti prosent fravær i et fag, får normalt ikke karakter. Det gjøres unntak dersom fraværet er dokumentert med gyldig grunn og læreren har nok grunnlag for å gi en vurdering.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 18 feb 2025 nr. 234 (i kraft 1 aug 2025).

Se ogsåOpplæringsforskrifta § 9-1Trossamfunnsloven § 18Trafikkopplæringsforskriften § 11-6Trafikkopplæringsforskriften § 11-8referert av 2

Sammenheng

Se også5
Referert av2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 9-8 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →