Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-1. Formålet med og grunnlaget for vurdering i fag

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering

Formålet med og grunnlaget for vurdering i fag

Formålet med vurdering i fag er å fremje læring og lærelyst og å gi informasjon om kompetanse undervegs og ved avslutninga av opplæringa i faga. Grunnlaget for vurdering i eit fag er kompetansemåla i læreplanen i faget. Kompetansemåla skal forståast i lys av teksten om faget i læreplanen. Elevar og dei som har opplæring i bedrift, skal vere gjort kjende med læreplanen i faget. Føresetnader, fråvær, orden eller oppførsel skal ikkje trekkjast inn i vurderinga i fag. Innsats kan vere ein del av vurderingsgrunnlaget berre dersom det følgjer av læreplanen i faget. Stort fråvær eller andre særlege forhold kan føre til at lærarar og instruktørar ikkje har tilstrekkeleg grunnlag til å gi halvårsvurdering med karakter eller standpunktkarakter i eitt eller fleire fag.

Vurdering i fag skal fremme læring og gi informasjon om kompetanse. Grunnlaget for vurderingen er kompetansemålene i læreplanen. Oppførsel og fravær skal ikke påvirke vurderingen, men stort fravær kan føre til at det mangler grunnlag for å gi karakter.AI

Endret 2. april 2025 · i kraft 2. april 2025
Endringshistorikk (2)

referert av 6

Sammenheng

Referert av6
Endringshistorikk2

Koblinger for § 9-1 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →