Lov
Nynorsk
§ 1-6. Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur
Fag- og timefordeling og tilbodsstruktur
Departementet gir forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i grunnskolen skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna.
Kommunen kan gi forskrift om at opp til ti prosent av timane i kvart fag i grunnskolen skal flyttast til andre fag eller brukast til særskilde tverrfaglege aktivitetar.
Departementet gir forskrift om kva for utdanningstilbod som fører fram til studiekompetanse eller yrkeskompetanse i den vidaregåande opplæringa.
Departementet kan gi forskrift om kor mange timar med opplæring elevar i den vidaregåande opplæringa skal ha, kor mange timar som skal brukast til kvart fag, og korleis timane skal delast mellom trinna i den vidaregåande opplæringa.
Departementet kan gi forskrift om kor lang læretida skal vere for dei som har læretid i bedrift.
Kommunen og fylkeskommunen kan gi forskrift om opplæring utover det samla minstetimetalet som departementet har fastsett etter første og fjerde ledd.
Departementet kan gi forskrift om plikt til å delta i aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag.
Departementet bestemmer hvor mange timer elever i grunnskolen og videregående skole skal ha i hvert fag. Kommunen kan flytte noen av timene i grunnskolen til andre fag eller tverrfaglige aktiviteter. Det bestemmes også hvor lang læretiden i bedrift skal være.AI
Sammenheng
Utfyllende forskrifter2
Referert av7
- Opplæringslova § 2-3Innhald, vurdering og dokumentasjon i grunnskoleopplæringa
- Opplæringslova § 3-7Innføringsopplæring for elevar i grunnskolen som har budd kort tid i Noreg
- Opplæringslova § 5-4Innhald, vurdering og dokumentasjon i den vidaregåande opplæringa
- Opplæringslova § 6-6Innføringsopplæring for elevar i den vidaregåande opplæringa som har budd kort tid i Noreg
- Opplæringslova § 22-5Privat grunnskoleopplæring i heimen
- Opplæringslova § 29-2Statleg tilsyn
- Opptaksforskrifta § 2-2Opptak på grunnlag av norsk vidaregåande opplæring
Koblinger for § 1-6 i opplæringslova.