Lov
Nynorsk
§ 10-5. Organiseringa av skoledemokratiet
Opplæringslova·Kapittel 10. Det beste for eleven, medverknad, skoledemokrati, foreldresamarbeid, skolereglar og plikt til å delta
Organiseringa av skoledemokratiet
Kvar grunnskole og vidaregåande skole skal ha eit elevråd som er valt av elevane ved skolen. Elevane kan velje å organisere seg på ein annan måte. Kvar grunnskole skal ha eit arbeidsutval som er valt av foreldra på skolen. Foreldra kan velje å organisere seg på andre måtar. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at det blir fastsett kva for andre brukarorgan skolane skal ha.
Elevane og foreldra skal vere representerte i organ ved grunnskolar, og elevane skal vere representerte i organ ved vidaregåande skolar. Representantar for elevane i den vidaregåande opplæringa har møte- og talerett i fylkeskommunale nemnder på same måten som dei tilsette har etter kommuneloven § 13-4.
Alle grunnskoler og videregående skoler skal ha et elevråd valgt av elevene, men elevene kan velge andre organisasjonsformer. Grunnskoler skal ha et arbeidsutval valgt av foreldrene, som også kan organisere seg annerledes. Kommunen og fylkeskommunen bestemmer hvilke andre brukerorgan skolene skal ha.AI
Sammenheng
Se også1
Koblinger for § 10-5 i opplæringslova.