Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 18-2. Rett til førebuande opplæring for vaksne

Opplæringslova·Kapittel 18. Rett til førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne

Rett til førebuande opplæring for vaksne

Dei som treng førebuande opplæring i fag eller i grunnleggjande ferdigheiter, men ikkje lenger har rett til grunnskoleopplæring etter § 2-1, har rett til førebuande opplæring for vaksne. Søkjarar har mellom anna rett til førebuande opplæring dersom dei ikkje har fått tilfredsstillande opplæring før, dersom dei treng opplæring i fag eller grunnleggjande ferdigheiter som ikkje var del av læreplanen då dei fekk grunnskoleopplæring, og dersom dei treng ny opplæring på grunn av skade eller sjukdom. Når det skal vurderast om ein søkjar treng førebuande opplæring, skal det takast omsyn til kva søkjaren sjølv meiner. Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter kapittel 5, har ikkje rett til førebuande opplæring etter denne paragrafen.

Voksne som trenger opplæring i fag eller grunnleggende ferdigheter, men som ikke lenger har rett til grunnskole, kan ha rett til forberedende opplæring. Dette gjelder blant annet ved mangelfull tidligere skolegang, behov for nye ferdigheter eller etter sykdom og skade.AI

Se ogsåOpplæringslova § 2-1referert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2

Koblinger for § 18-2 i opplæringslova.

Les hele loven i sammenheng →