Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 2-2. Plikt til grunnskoleopplæring

Opplæringslova·Kapittel 2. Rett og plikt til grunnskoleopplæring

Plikt til grunnskoleopplæring

Barn har plikt til grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet. Grunnskoleopplæringa skal gjennomførast på ein offentleg skole, ein privat grunnskole som er godkjend etter § 22-1 eller etter privatskolelova, eller gjennom privat grunnskoleopplæring i heimen, jf. § 22-5. Barn har plikt til grunnskoleopplæring når dei har vore i Noreg i tre månader. Plikta fell bort når barnet oppheld seg utanlands i tre månader. Kommunen kan frita ein elev heilt eller delvis frå opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det, foreldra samtykkjer og det ligg føre ei sakkunnig vurdering. Elevar som har fått fritak frå opplæringsplikta, mister ikkje retten til opplæringa dei har fått fritak frå. Kommunen kan gi ein elev permisjon frå skolen dersom eleven får ei opplæring som samla sett er forsvarleg. Kommunen gir forskrift om permisjon frå skolen. Ein elev som høyrer til eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, har rett til permisjon frå skolen dei dagane trussamfunnet har helgedag, dersom foreldra sørgjer for den opplæringa som må til for at eleven skal kunne følgje med i opplæringa på skolen etter fråværet.

Barn har plikt til grunnskoleopplæring fra det året de fyller seks år og frem til 10. trinn er avsluttet. Opplæringen kan skje i offentlig skole, godkjent privat skole eller i hjemmet. Kommunen kan i visse tilfeller gi fritak eller permisjon fra opplæringen.AI

Se ogsåOpplæringslova § 22-1Opplæringslova § 22-5omtalt i 2 kilderreferert av 8

Sammenheng

Se også2
Referert av8
Nevnt i2

Koblinger for § 2-2 i opplæringslova.

Les hele loven i sammenheng →