Forskrift
Nynorsk
§ 4-20. Individuell behandling ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1
Individuell behandling ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1
Ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1 skal desse søkjarane behandlast individuelt:
a) søkjarar som manglar vurdering med karakter i meir enn halvparten av faga på vitnemålet frå grunnskolen
b) søkjarar som har gått på ein godkjend tiårig grunnskole og har fått vitnemål utan bokstav- eller talkarakterar
c) andre søkjarar som ikkje har eit samanliknbart karaktergrunnlag
d) søkjarar som etter ei realkompetansevurdering har fått godkjent meir enn halvparten av faga som krevst for vitnemål etter § 15-26.
Ved inntak av søkjarar som fell inn under bokstav b, skal fylkeskommunen rangere søkjarane på grunnlag av fråsegner frå grunnskolane dei kjem frå.
Fylkeskommunen kan også behandle søkjarar individuelt dersom det ligg føre tungtvegande grunnar og søkjaren har eit særleg behov for det.
Enkelte søkere til videregående skole skal behandles individuelt i stedet for etter vanlige rangeringer. Dette gjelder personer som mangler karakterer, har et utradisjonelt vitnemål eller har fått godkjent realkompetanse.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av3
Koblinger for § 4-20 i opplæringsforskrifta.