Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 4-19. Poengutrekning ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1

Opplæringsforskrifta·Kapittel 4. Inntak til vidaregåande opplæring·Sist endret 29. september 2025

Poengutrekning ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 1

I utrekninga av poengsum skal alle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i faga frå grunnskolen leggjast til grunn, på denne måten: a) Kvar av talkarakterane frå grunnskolen skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poengsum for karakterane blir eit utrekna gjennomsnitt, med to desimalar, multiplisert med ti. b) I valfag skal det reknast ut eit gjennomsnitt av dei standpunktkarakterane søkjaren har fått på ungdomstrinnet. Gjennomsnittskarakteren skal førast med to desimalar. c) Dersom det er fastsett i læreplanen i eit fag at sluttvurderingsuttrykket er «deltatt» eller «bestått», eller dersom det i læreplanen i faget ikkje er angitt noko vurderingsuttrykk, skal faget ikkje reknast med. d) Dersom søkjaren har vore fritatt frå opplæring i eit fag etter § 1-11 eller har vore fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-19 til § 9-24, skal faget ikkje reknast med. e) For søkjarar som har «ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) eller «ikkje møtt til eksamen» (IM) i eit fag, skal faget vere med i utrekninga med talverdien null. Poengsummen til søkjarar som har vitnemål frå førebuande opplæring for vaksne etter § 15-26, skal reknast ut etter første ledd bokstav a. I tillegg gjeld desse reglane: a) Dersom søkjaren har vore fritatt frå opplæring i eit fag etter § 14-4 eller fritatt frå vurdering med karakter etter § 15-15 og § 15-16, skal faget ikkje reknast med. b) Dersom søkjaren har fått godkjent eitt eller fleire fag gjennom ei realkompetansevurdering, skal faget eller faga ikkje reknast med.

Reglene forklarer hvordan poengsummen for opptak til videregående skole beregnes basert på karakterer fra grunnskolen. Det beskrives hvilke karakterer som teller med, og hvilke fag som skal utelates eller gis verdien null.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.

Se ogsåOpplæringsforskrifta § 1-11Opplæringsforskrifta § 9-19Opplæringsforskrifta § 9-24Opplæringsforskrifta § 15-26referert av 1

Sammenheng

Se også7
Referert av1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 4-19 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →