Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 15-16. Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka

Opplæringsforskrifta·Kapittel 15. Individuell vurdering for vaksne·Sist endret 2. april 2025

Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka

Deltakarar og tidlegare deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne og tidlegare deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylte: a) Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon b) Dei har ikkje hatt opplæring tilsvarande 8. til 10. trinn i Noreg c) Dei har i løpet av opplæringa tilsvarande 8. til 10. trinn hatt rett til særskild språkopplæring etter opplæringslova § 19-8 første ledd, jf. § 3-6 d) Dei har eller har hatt rett til forsterka opplæring i norsk etter opplæringslova § 19-8 andre ledd, jf. § 6-5 første ledd første punktum i den vidaregåande opplæringa for vaksne. Regelen i § 9-21 andre ledd gjeld for deltakarar og tidlegare deltakarar i opplæring for vaksne.

Voksne i videregående opplæring kan få fritak fra karakter i sidemålet sitt. Dette gjelder dersom man oppfyller visse krav knyttet til helse, skolegang i utlandet eller rett til særskilt språkopplæring.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575.

Se ogsåOpplæringslova § 19-8Opplæringslova § 3-6Opplæringslova § 6-5Opplæringsforskrifta § 9-21referert av 2

Sammenheng

Se også4
Referert av2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 15-16 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →