Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 15-29. Dokumentasjon i vidaregåande opplæring for vaksne

Opplæringsforskrifta·Kapittel 15. Individuell vurdering for vaksne·Sist endret 29. september 2025

Dokumentasjon i vidaregåande opplæring for vaksne

Reglane om vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring og særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram i § 9-46 første ledd, § 9-49, § 9-50 og § 9-51 gjeld for deltakarar i vidaregåande opplæring for vaksne så langt dei passar. For å få vitnemål gjeld dei same krava som i § 9-46 andre ledd, med unntak av opplæring i kroppsøving, jf. § 14-5. Dette gjeld likevel ikkje for a) dei som er fritatt frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka etter § 14-4 b) dei som er fritatt frå vurdering med karakter etter § 15-15 og § 15-16 c) dei som fell under dei særskilde reglane om dokumentasjon etter § 15-1, jf. § 9-48 d) dei som har fått dispensasjon etter § 15-7 og § 15-25, jf. § 9-40. Vitnemålet skal innehalde standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og godkjend realkompetanse i fag. Kompetansebeviset skal i tillegg innehalde modulkarakterar og godkjend realkompetanse i modular. Reglane i § 9-50 gjeld for deltakarar som tar yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring for vaksne.

Voksne i videregående opplæring får vitnemål og kompetansebevis etter de samme hovedreglene som andre elever. Det er visse unntak for krav til kroppsøving og spesielle fritak eller dispensasjoner.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 29 sep 2025 nr. 1988.

Se ogsåOpplæringsforskrifta § 9-46Opplæringsforskrifta § 9-49Opplæringsforskrifta § 9-50Opplæringsforskrifta § 9-51

Sammenheng

Se også13
Endringshistorikk1

Koblinger for § 15-29 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →