Forskrift
Nynorsk
§ 9-49. Særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram for dei med store lærevanskar
Særskilde reglar om dokumentasjon i yrkesfaglege utdanningsprogram for dei med store lærevanskar
Dersom elevar, lærlingar og praksisbrevkandidatar i yrkesfaglege utdanningsprogram har store lærevanskar, kan dei søkje om å få vitnemål, fag- og sveinebrev og praksisbrev sjølv om krava i § 9-46 og § 9-48 ikkje er oppfylte. For elevar og lærlingar gjeld dette berre dei som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått eitt eller to fellesfag som følgje av lærevanskar i faget eller faga. For praksisbrevkandidatar gjeld dette berre dei som har følgt opplæringa, men ikkje har bestått eitt fellesfag som følgje av store lærevanskar i faget.
Det må liggje føre ei sakkunnig vurdering frå den pedagogisk-psykologiske tenesta som dokumenterer lærevanskane i den vidaregåande opplæringa.
Fylkeskommunen avgjer søknader om dokumentasjon etter denne paragrafen, men ikkje før overgangen frå vidaregåande trinn 2 til vidaregåande trinn 3.
Personer med store lærevanskar i yrkesfag kan søke om å få vitnemål eller fagbrev selv om de ikke har bestått alle fellesfag. Det kreves en fagkyndig vurdering fra pedagogisk-psykologisk tjeneste. Fylkeskommunen avgjør søknaden.AI
Endret 23. juni 2026 · i kraft 22. juni 2026
Endringshistorikk (2)
- 23. juni 2026Endr. i opplæringsforskrifta og privatskoleforskrifta.
- 7. oktober 2025Endr. i opplæringsforskrifta
Se ogsåOpplæringsforskrifta § 9-46Opplæringsforskrifta § 9-48referert av 4 →
Sammenheng
Referert av4
- Opplæringsforskrifta § 9-46Vitnemål i vidaregåande opplæring
- Opplæringsforskrifta § 9-48Fag- og sveinebrev og praksisbrev i vidaregåande opplæring
- Opplæringsforskrifta § 9-57Krav til elevar, lærlingar og praksisbrevkandidatar som skal ta fag- eller sveineprøva eller praksisbrevprøva
- Opplæringsforskrifta § 15-29Dokumentasjon i vidaregåande opplæring for vaksne
Endringshistorikk2
Koblinger for § 9-49 i opplæringsforskrifta.