Forskrift
Nynorsk
§ 9-21. Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka
Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka
Elevar, tidlegare elevar og privatistar har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål, dersom eitt av desse vilkåra er oppfylt:
a) Dei har vanskar med å lære både bokmål og nynorsk på grunn av dokumentert sjukdom, skade eller dysfunksjon.
b) Dei har ikkje gått i norsk grunnskole på 8. til 10. trinn.
c) Dei har eller har hatt særskild språkopplæring i løpet av 8. til 10. trinn eller i vidaregåande opplæring.
d) Dei har i løpet av 8. til 10. trinn eller i den vidaregåande opplæringa gått på ein internasjonal eller utanlandsk skole i Noreg som er godkjend for ikkje å gi vurdering med karakter i sidemål.
Elevar som hadde rett til fritak frå opplæring i eitt av dei norske skriftspråka på 8. til 10. trinn etter § 1-11, har rett til fritak frå vurdering med karakter i det skriftspråket dei har som sidemål i vidaregåande opplæring. Den skolen, kommunen eller fylkeskommunen som har ansvar for å utferde vitnemål, skal avgjere søknader om fritak.
Elever, tidligere elever og privatister kan få fritak fra karakter i sidemålet sitt dersom visse vilkår er oppfylt. Det er skolemyndighetene som avgjør søknader om slikt fritak.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av4
- Opplæringsforskrifta § 4-25Poengutrekning ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3
- Opplæringsforskrifta § 9-46Vitnemål i vidaregåande opplæring
- Opplæringsforskrifta § 9-48Fag- og sveinebrev og praksisbrev i vidaregåande opplæring
- Opplæringsforskrifta § 15-16Fritak frå vurdering med karakter i eitt av dei norske skriftspråka
Endringshistorikk1
Koblinger for § 9-21 i opplæringsforskrifta.