Forskrift
Nynorsk
§ 4-25. Poengutrekning ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3
Poengutrekning ved fordeling av plassar til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3
I utrekninga av poengsum skal alle standpunktkarakterar, eksamenskarakterar og halvårsvurderingar med karakter i faga på vidaregåande trinn 1 og eventuelt trinn 2 leggjast til grunn, på denne måten:
a) Kvar av talkarakterane skal telje med sine respektive talverdiar. Samla poeng for karakterane blir eit utrekna gjennomsnitt, med to desimalar, multiplisert med ti.
b) Dersom det er fastsett i læreplanen i eit fag at sluttvurderingsuttrykket er «deltatt» eller «bestått», skal faget ikkje reknast med.
c) Dersom søkjaren har vore fritatt frå opplæring i eit fag etter § 5-9 eller § 5-10 eller har vore fritatt frå vurdering med karakter etter § 9-20, § 9-21, § 9-22 eller § 9-23, skal faget ikkje reknast med.
d) Dersom søkjaren har «ikkje vurderingsgrunnlag» (IV) som sluttvurdering eller halvårsvurdering med karakter eller «ikkje møtt til eksamen» (IM) i eit fag, skal faget vere med i utrekninga med talverdien null.
e) Dersom søkjaren har tatt fag som privatist, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
f) Dersom søkjaren har gått fleire ulike utdanningsprogram på vidaregåande trinn 1 eller programområde på trinn 2, som alle dannar grunnlag for inntak på det vidaregåande trinnet, skal det beste utvalet av karakterar leggjast til grunn.
Reglene forklarer hvordan poengsummen for opptak til videregående trinn 2 og 3 beregnes. Det gjøres ved å legge sammen karakterer fra trinn 1 og eventuelt trinn 2, hvor gjennomsnittet multipliseres med ti.AI
Se ogsåOpplæringsforskrifta § 5-9Opplæringsforskrifta § 5-10Opplæringsforskrifta § 9-20Opplæringsforskrifta § 9-21referert av 1 →
Sammenheng
Se også6
Koblinger for § 4-25 i opplæringsforskrifta.