Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-33. Sensur av eksamenssvar

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering·Sist endret 1. januar 2026

Sensur av eksamenssvar

Alle eksamenssvar skal vurderast av to sensorar. Ved sentralt gitt eksamen skal begge sensorane vere eksterne. Dersom sensorane ikkje blir samde, skal ein oppmann eller ei oppkvinne avgjere karakteren. Ved lokalt gitt eksamen skal minst éin sensor vere ekstern. Ved lokalt gitt skriftleg eksamen skal faglæraren til eleven ikkje vere sensor. Ved lokalt gitt munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal faglæraren til eleven vere sensor om kommunen eller fylkeskommunen ønskjer det. På munnleg, praktisk og munnleg-praktisk eksamen skal ein av sensorane vere eksaminator og ha hovudansvaret for å gi oppgåver og stille spørsmål til kandidaten. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at sensor har tilfredsstillande kompetanse i faget. Ein fagarbeidar kan vere sensor i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram.

Alle eksamensbesvarelser skal vurderes av to sensorer. Ved sentral eksamen skal begge være eksterne. Ved lokal eksamen skal minst én være ekstern, og faglæreren kan ikke være sensor ved skriftlige prøver.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 7 sep 2025 nr. 1787 (i kraft 1 jan 2026).

referert av 1

Sammenheng

Referert av1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 9-33 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →