Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-52. Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering·Sist endret 22. juni 2026

Føring av karakterar i fag på vitnemål og kompetansebevis i vidaregåande opplæring

På vitnemålet til elevar skal det berre førast standpunktkarakterar og eksamenskarakterar i samsvar med læreplanar i fag. Ein kan få ført karakterar i fag som går utover minstekravet til studie- eller yrkeskompetanse, på vitnemålet. Dersom ein elev ikkje fullfører eit fag på det nivået der standpunktkarakter skal setjast, er det den halvårsvurderinga med karakter som eleven har fått etter det siste fullførte skoleåret, som skal førast på kompetansebeviset. Det skal då førast ein merknad på kompetansebeviset med ei presisering av at det er halvårsvurderinga med karakter som er brukt. I eit fag der det er fastsett i læreplanen at privatistar kan ta eksamen på høgare nivå og få godskrive faget på lågare nivå, er det eksamenskarakteren på høgaste nivå som skal førast. Når ein elev har fått sluttvurdering med bestått karakter i eit fag, skal karakteren følgje eleven fram til kompetansebevis og vitnemål. Eleven kan då ikkje bli elev i faget på nytt. For elevar som i samband med omval eller forsering har brukt retten til å ta fag på nytt som elev, jf. § 4-2, er det den siste beståtte karakteren som skal førast på vitnemålet eller kompetansebeviset. På vitnemålet eller kompetansebeviset til privatistar skal det berre førast eksamenskarakterar. Eventuelle tidlegare standpunkt- og eksamenskarakterar i eit fag fell bort når ein privatist får eksamenskarakteren ført på vitnemålet eller kompetansebeviset. Elevar med individuell opplæringsplan som ikkje gir grunnlag for å fastsetje standpunktkarakter i eitt eller fleire fag, skal få ført på kompetansebeviset at dei er vurderte etter individuell opplæringsplan. Kompetansen til eleven skal dokumenterast i eit vedlegg til kompetansebeviset.

Reglene bestemmer hvilke karakterer som skal stå på vitnemål og kompetansebevis i videregående opplæring. Dette inkluderer hvordan man håndterer ufullførte fag, privatister og elever med individuell opplæringsplan.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 22 juni 2026 nr. 1184.

Se ogsåOpplæringsforskrifta § 4-2referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 9-52 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →