Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 11-13. Pedagogisk-psykologisk teneste

Opplæringslova·Kapittel 11. Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging

Pedagogisk-psykologisk teneste

Kommunen og fylkeskommunen skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal samarbeide med og støtte skolane i det førebyggjande arbeidet for å gi eit inkluderande opplæringstilbod til elevar som kan ha behov for tilrettelegging av opplæringa. Tenesta skal a) støtte og rettleie skolane i å greie ut behov for tilrettelegging av opplæringa og i å setje inn tiltak så tidleg som mogleg når det trengst b) hjelpe til med kompetanseutvikling og organisasjonsutvikling slik at opplæringstilbodet blir så inkluderande og godt tilrettelagt som mogleg Der lova eller forskrift til lova krev sakkunnig vurdering, er det den pedagogisk-psykologiske tenesta som skal utarbeide vurderinga. Departementet kan gi forskrift om i kva andre tilfelle den pedagogisk-psykologiske tenesta skal utarbeide sakkunnige vurderingar.

Kommunen og fylkeskommunen skal ha ei pedagogisk-psykologisk teneste. Denne tenesta skal støtte skolane med førebygging, utgreiing og tiltak for at elevar skal få eit inkluderande opplæringstilbod. Tenesta skal også utarbeide sakkunnige vurderingar når lova krev det.AI

referert av 5

Sammenheng

Referert av5

Koblinger for § 11-13 i opplæringslova.

Les hele loven i sammenheng →