Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 7. Avgrensa rett til individuell tilrettelegging i grunnskoleopplæring i Longyearbyen

Avgrensa rett til individuell tilrettelegging i grunnskoleopplæring i Longyearbyen

Elevar med behov for mindre eller moderat tilrettelegging av opplæringa har rett til individuell tilrettelegging, jf. opplæringslova §§ 11-1 til 11-11 og § 11-13, med dei avgrensingane som følgjer av regelen her. I vurderinga av om eleven har rett til individuell tilrettelegging, skal det blant anna leggjast vekt på a) det samla behovet eleven har for tilrettelegging og tenester for å kunne ta del i opplæringa og oppnå eit forsvarleg utbytte av ho b) i kva grad tilrettelegginga vil vere kostnadskrevjande c) påverkinga på opplæringstilbodet til andre elevar d) at skolen ikkje skal kompensere for andre tenestetilbod som ikkje finst og reglar som ikkje gjeld i Longyearbyen. Elevar har berre i særlege tilfelle rett til éin-til-éin-undervisning eller ein dedikert personalressurs, for eksempel lærar, assistent eller spesialpedagog. Elevar har ikkje rett til slik tilrettelegging i meir enn ein avgrensa del av opplæringa og i ein kortare periode. Retten til individuell tilrettelegging er elles avgrensa av den kapasiteten og kompetansen som Longyearbyen lokalstyre rår over.

Elevar i Longyearbyen med mindre eller moderat behov har rett til individuell tilrettelegging. Denne retten er avgrensa av kostnadar, påverknad på andre elevar, lokalstyrets kapasitet og kompetanse.AI

Se ogsåOpplæringslova § 11-1Opplæringslova § 11-11Opplæringslova § 11-13referert av 2

Sammenheng

Se også3
Referert av2

Koblinger for § 7 i forskrift-om-grunnskoleopplæring-og-vidaregåande-opplæring-i-longyearbyen.

Les hele forskriften i sammenheng →