Forskrift
Nynorsk
§ 4. Rett og plikt til grunnskoleopplæring i Longyearbyen
Rett og plikt til grunnskoleopplæring i Longyearbyen
Barn har rett og plikt til grunnskoleopplæring frå det året dei fyller seks år, til dei har avslutta det 10. trinnet.
Retten til grunnskoleopplæring gjeld når barnet truleg skal vere i Longyearbyen i meir enn tre månader i samanheng. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad etter at barnet er komme til Longyearbyen og foreldra har meldt frå til Longyearbyen lokalstyre. Barn har plikt til grunnskoleopplæring når dei har vore i Longyearbyen i seks månader i samanheng.
Barn med behov som går ut over plikta til Longyearbyen lokalstyre etter § 6 første ledd bokstav f og § 7, og som derfor ikkje kan få eit forsvarleg utbytte av opplæringa ved Longyearbyen skole, har ikkje rett og plikt til grunnskoleopplæring i Longyearbyen. Ei avgjerd etter regelen her er eit enkeltvedtak og kan påklagast etter reglane i forvaltningsloven. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark er klageinstans.
Barn i Longyearbyen har rett og plikt til grunnskoleopplæring fra det året de fyller seks år til og med tiende trinn. Retten gjelder ved opphold over tre måneder, mens plikten inntrer etter seks måneder. Barn med behov som skolen ikke kan ivareta, har ikke rett og plikt til opplæring der.AI
Se ogsåForskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen § 6Forskrift om grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring i Longyearbyen § 7referert av 2 →
Sammenheng
Se også2
Referert av2
Koblinger for § 4 i forskrift-om-grunnskoleopplæring-og-vidaregåande-opplæring-i-longyearbyen.