Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 24-3. Plikt til å melde frå til barnevernet

Opplæringslova·Kapittel 24. Samarbeid, samordning, opplysningsplikt, sjølvråderett og avgjerder på vegner av eleven·Sist endret 1. januar 2026

Plikt til å melde frå til barnevernet

Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal i arbeidet sitt vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta. Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, skal utan hinder av teieplikta melde frå til barnevernstenesta utan ugrunna opphald a) når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli mishandla, utsett for alvorlege manglar ved den daglege omsorga eller annan alvorleg omsorgssvikt b) når det er grunn til å tru at eit barn har ein livstruande eller annan alvorleg sjukdom eller skade og ikkje kjem til undersøking eller behandling, eller at eit barn med nedsett funksjonsevne eller eit særleg hjelpetrengande barn ikkje får dekt det særlege behovet for behandling eller opplæring c) når eit barn set utviklinga si i alvorleg fare i form av alvorleg eller gjentatt kriminalitet, misbruk av rusmiddel eller andre utprega skadelege handlingar d) når det er grunn til å tru at eit barn blir eller kjem til å bli utnytta til menneskehandel Alle som utfører tenester eller arbeid etter denne lova, har også plikt til å gi opplysningar etter pålegg i samsvar med barnevernsloven § 13-4.

Personer som jobber etter opplæringsloven skal være oppmerksomme på forhold som kan kreve barnevernstiltak. De har plikt til å varsle barnevernet uten ugrunnet opphold ved mistanke om omsorgssvikt, alvorlig sykdom uten behandling, alvorlig kriminalitet eller menneskehandel.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 20 juni 2025 nr. 39 (i kraft 1 jan 2026 iflg. res. 19 des 2025 nr. 2711).

Se ogsåBarnevernsloven § 13-4 første leddomtalt i 1 kildereferert av 2

Sammenheng

Se også1
Referert av2
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 24-3 i opplæringslova.

Les hele loven i sammenheng →