Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 2-4. Opptak på grunnlag av utdanning frå International Baccalaureate (IB)

Opptaksforskrifta·Kapittel 2. Kvalifisering for opptak til høgare utdanning – Generell studiekompetanse

Opptak på grunnlag av utdanning frå International Baccalaureate (IB)

Søkarar med Diplom frå IB som enten har teke norsk A på minst lågare nivå («standard level»), eller norsk B på høgare nivå («higher level»), eller fyller kravet til norsk i vedlegg I (GSU-lista), får generell studiekompetanse. Sjå også § 7-2. Søkarar som ikkje har oppnådd Diplom frå IB, men som har fått IB Diploma Programme Course Result (tidlegare IB-Certificate), får generell studiekompetanse om dei oppfyller norskkravet i første ledd, har meir enn 20 poeng og enten har bestått tre fag på lågare nivå («standard level») og tre fag på høgare nivå («higher level»), eller bestått to fag på lågare nivå («standard level») og fire fag på høgare nivå («higher level»). Slike søkarar kan ikkje ha lågare karakter enn 3 i desse faga. For begge alternativa må faget Theory of Knowledge, Creativity, Action and Service og Extended Essay vere bestått.

Se ogsåOpptaksforskrifta § 7-2referert av 1

Sammenheng

Se også1
Referert av1

Koblinger for § 2-4 i opptaksforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →