Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 15.

Oreigningslova·Kapittel II. Om førehavingsmåten.·Sist endret 1. januar 2003
Kostnad som føresegnene i dette kapitel fører med seg, skal søkjaren bera. Søkjaren skal dessutan svara motparten dei utgiftene som var naudsynlege til å taka vare på baten hans i saka. Dette gjeld òg utgift i klagesak, med unntak for tilfelle der motparten til søkjaren har klaga utan god grunn. Avgjerd om sakskostnader etter leden her skal takast av skjønsstyremakta eller, dersom det ikkje vert halde skjøn, av Kongen. Tar det lang tid før saka vert avgjort, kan motparten krevja at naudsynlege utgifter som han har hatt over ei viss tid i saka, heilt eller delvis skal verta betalt av søkjaren. Vert partane ikkje samde om slik betaling, kan kvar ein av dei krevja at Kongen – eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 – tek avgjerd om dette. Etter at det er kravd skjøn, er det skjønsstyremakta som tek slik avgjerd. Utgifter som søkjaren har betalt etter tredje leden kjem til frådrag når det vert fastsett kva søkjaren skal betala etter paragrafen her. Kvar annen søkjar enn staten lyt gjeva trygd for ansvaret han kan få etter paragrafen her. Kostnad som søkjaren er pålagt å svara etter fyrste og andre leden, kan søkjast inn etter reglane om fullføring av orskurdar.

Den som søker om ekspropriasjon må betale kostnadene ved prosessen og motpartens nødvendige utgifter. Hvis saken tar lang tid, kan motparten kreve delvis forskudd på utgiftene. Alle søkere som ikke er staten, må stille garanti for disse kostnadene.AI

Endret 5. juni 2015 · i kraft 5. juni 2015
Endringshistorikk (5)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 17 des 1982 nr. 88, 30 aug 2002 nr. 67 (ikr. 1 jan 2003 iflg. res. 30 aug 2002 nr. 938).

Se ogsåOreigningslova § 5omtalt i 2 kilderreferert av 2

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også1
Referert av2
Nevnt i2
Endringshistorikk5

Koblinger for § 15 i oreigningslova.

Les hele loven i sammenheng →