Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 28.

Oreigningslova·Kapittel VI. Ymse føresegner.
Etter at eigar eller rettshavar er gjeven høve til å seia si meining etter § 12, jfr. òg § 13, må han ikkje råda rettsleg over eigedomen det gjeld, utan oreigningssøkjaren samtykkjer, og heller ikkje gjera noko med eller på eigedomen som kan hindra, valda vanskar for eller fordyra det påemna oreigningsinngrepet. Om eigaren eller rettshavaren likevel gjer såvore, skal det gjerast frådrag i vederlaget hans for all skade åtferda har valda oreignaren; og arbeid som elles skulle gjeva eigaren eller rettshavaren rett til auka vederlag, skal det ikkje takast omsyn til når vederlaget vert fastsett. Får eigaren eller rettshavaren skade eller ulempe av di det er lagt band på rådvaldsretten, så som nemnt i fyrste leden, kan han krevja skadebot av søkjaren. Slik skadebot vert fastsett når vederlaget for inngrepet vert sett, men i serskilt skjøn om inngrepet ikkje vert sett i verk.

Når en eier har fått uttale seg i en ekspropriasjonssak, kan vedkommende ikke selge eller endre eiendommen uten samtykke fra søkeren. Brudd på dette kan føre til trekk i erstatningen, mens tap som følge av begrensningene kan gi rett til skadebot.AI

Endret 19. juni 2009
Endringshistorikk (2)

Se ogsåOreigningslova § 12Oreigningslova § 13referert av 1

Sammenheng

Se også2
Referert av1
Endringshistorikk2

Koblinger for § 28 i oreigningslova.

Les hele loven i sammenheng →