Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 12.

Oreigningslova·Kapittel II. Om førehavingsmåten.·Sist endret 1. juni 2021
Kongen – eller styringsorgan med fullmakt etter § 5 – avgjer saka, når ho er klårlagd best råd er. Vedkjem saka ting som høyrer under statsforvaltaren, helse- og sosialstyret, samferdslenemnda eller andre sakkunnige organ, skal dei til vanleg få høve til å seia si meining. Vedkjem ho kommunal bate skal herads- eller bystyret høyrast. Partane kan verta oppmoda om å freista få til ei minneleg semje; og kvar ein som inngrepet råkar, skal få høve til å seia si meining. Skulle det henda at vansken med å nå kvar einskild vert urimeleg stor, er det nok at dokumenta vert utlagde til gjennomsyn på ein høveleg stad i den krinsen saka høyrer heime, og at alle ho kjem ved, vert oppmana til å koma fram med det dei har å seia, innan ein viss frist, som ikkje må vera stuttare enn 6 veker. Kunngjering om at dokumenta er utlagde, skal setjast inn i Norsk Lysingsblad og minst to blad som er mykje lesne i krinsen. Fristen vert rekna frå den dagen kunngjeringa står i Norsk Lysingsblad. Vedtak om eller samtykke til oreigningsinngrep skal grunngjevast etter reglane i § 24 første leden i forvaltningslova.

Kongen eller bemyndigede organer avgjør saken når den er best mulig opplyst. Berørte parter skal få uttale seg, og det kan oppfordres til minnelige løsninger. Vedtak om ekspropriasjon skal begrunnes.AI

Endret 15. august 2014
Endringshistorikk (4)
Noter (1)
  • EndringEndra med lover 19 juni 1969 nr. 54, 13 juni 1980 nr. 41, 12 juni 1987 nr. 70, 21 juni 1996 nr. 37, 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 jan 2010 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848), 7 mai 2021 nr. 34 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1416).

Se ogsåOreigningslova § 5Forvaltningsloven § 24referert av 6

Sammenheng

Utfyllende forskrifter1
Se også2
Referert av6
Endringshistorikk4

Koblinger for § 12 i oreigningslova.

Les hele loven i sammenheng →